mandag 3. februar 2014
Bruk heimesida til Skjåk kommune
Jeg var tidligere IT-konsulent for kommunen. Denne bloggen er lagt ned som informasjonskanal for Skjåk kommune.
tirsdag 1. mai 2012
Storofsen
Ottaelva gjekk gjennom Bismo før Storofsen |
Bismo før Storofsen
Du står no i det gamle elveløpet der Ottaelva gjekk før Storofsen, og på stigen Bismorunda.Bismo er ei breelvslette som er danna under isavsmeltinga og etter siste istid. Før Storofsen gjekk Ottaelva rett fram frå Skamsarfossen, forbi Skei, gjennom Bellingsdalen, over Skeimoplassen og vidare ned til Blåbærmyra og ut ved Bispen camping.
Bakgrunn for Storofsen
Vulkanutbrot på Island i 1784
Perioden frå ca. 1400 til ca. 1800 kallast
den lille istid. Dette var ein
periode med lange vintre og kalde såmare, noko som førte til at breane voks
kraftig. Tregrensa var lågare enn den er i dag, trulig
200 meter lågare. På 1770-tallet ble det varmare, men frå 1773 til vinteren
1788/89 var det kaldt vêr og kaldast var det i 1784 som følgje av eit gigantisk
vulkanutbrot på Island.
Store mengder av gassar i atmosfæren førte
til ein nedkjøling som ga langvarig islegging i mange europeiske elver.
Barfrost og mykje snø
Hausten 1788 ble elendig, regntung og våt,
så ble det sterk og langvarig barfrost slik at tela i Sør-Norge slo uvanlig djupt
før vinteren falt på og snøen kom. I Skjåk, som for resten av landet, ble dette
ein uvanlig kald vinter med enorme mengder snø. Og våren 1789 kom seint. Det heldt
seg så lenge kaldt at folk på fjellgardane var sikre på totalt uår.
Varme vindar frå søraust
18. mai 1789 kom ein usedvanlig varm vind frå
søraust. Betre vår enn denne kunne ingen huske. Det veksla mellom mildt regn og
klare solskinsdagar. Graset voks kraftig, kornet kom vel i jorda og slåttonna starta
14 dagar før enn vanleg.
Årsaken var eit lågtrykk som kom opp frå søraust.
Dei varme luftmassane skrev seg frå det sentrale Atlanterhavet og hadde tatt
opp meir varme og fuktighet frå Middelhavet før det svinga mot nordvest og aust
for Alpene. Dette er den farlegaste lågtrykksbana som gjev storflom i Europa og
var årsak til flaumkatastrofane i Oder i 1997 og i Elben og Donau i august
2002.
Men folk var likevel litt uroa. Dei klarte
ikkje å slå frå seg at det ennå låg att mykje snø i høgfjellet. Dei eldre fekk tankar
om flomåret 1760, også den gong kom ein vedvarande, heit austavind og sommarregn.
I juni tok snøsmeltinga for alvor til i fjellet, og ein sein vårflom ble kraftigare
fordi tela ennå sto i jorda. Men elver og bekkar tok enno godt unna vatnet, og
denne fyrste sommarmånaden ble den beste på mange år.
Regntung dag på Dønfoss |
Striregn og varme
I juli forsto folk at det ble for mykje av
det gode. Hadde dei sist haust og vinter bedt Vårherre om mildare vær, så kom
dette i fullt mon no, og det ble varmare for kvar dag. Dessutan tok regnskurene
til å falle stadig tettare, og sola ble heilt borte. Snart var det ikkje snakk
om byger, men om samanhengande striregn. Frå 7. juli hølja det ustanselig ned.
I tillegg kom ein uavbrote hete på over 30 grader med kvalm, trykkande luft så
folk knapt orka å arbeide ute på markene. Men det måtte dei, alle arbeidsføre dreiv
nesten døgnet rundt med å grave grøfter for å lede vatn bort frå jorder og hus.
Storofsen i juli 1789
Når folk retta ryggen og kikka opp, så dei
ein himmel dekt av nære, tunge skymassar, og sjølv midt på julidagen var det
dunkelt som seine kvelden. Ingen hadde opplevd maken til vær.
14. juli 1789, nettopp da folkemengda i dei
regnvåte, gjørmete gatene i Paris storma Bastillen og den franske revolusjonen
var i gang, gjekk naturkreftene for alvor laus på det sønnafjelske Norge.
Dette gikk mot noe forferdelig. Frå midt i
juli regna den natt og dag. Himmelen ble farga fiolett. Tropevarmen bråna både
ny og gamal snø i høgfjellet. Fjellbekker kom buldrande som fossefall ned over
bergsidene og ut av skogane med grumset, brunt vatn som tok med seg trær, mold,
torv; snart også vegar, bruer og kvernhus. Tysdag 21. juli makta ikkje
dagslyset å bryte fram. Markene ble underlige å gå på. Det duva og gynga berre
dei gjekk over jordet. Folk hadde gjeve opp all grøftegraving, og hadde nok med
å tette tak og veggar mot regnet som dreiv inn alle stader.
Regn og sol og torden |
Onsdag 22. juli 1789
Flommen hadde bredt seg til alle
storelvene i dalane, og Gudbrandsdalslågen var det ingen som kjende att. Dette
ble det verste nedbørsdøgnet. Lyn flerra himmelen, torden rulla, vatnet kom
veltande alle stader og elvene ble til mektige sjøar som fylte heile dalføret
frå fjellside til fjellside ned mot Mjøsa.
Det begynte å gå skred. Grasvollene, tunområda,
liene, heile fjellsider slapp jordfestet. Skreda kom frå øvste åskant, braut
nedover med en blanding av stein, mold, aur og vatn.
Ei tønne med en opning på 1450 cm² og med
et volum på 132 liter skal ha regnet full på tre døgn på Vollan gard i Romsdal.
Dette tilsvaret en regnhøgde på 320 mm på tre døgn.
Gudbrandsdalen vart fylt med vatn og Mjøsa sto 10 meter over det normale. I Skjåk slapp heile fjellsider jordfestet, 335 hus forsvann, 121 hus vart skada og 10 menneske omkom.
Gudbrandsdalen vart fylt med vatn og Mjøsa sto 10 meter over det normale. I Skjåk slapp heile fjellsider jordfestet, 335 hus forsvann, 121 hus vart skada og 10 menneske omkom.
Frå Skamsarfossen og vestover til Dønfoss |
Hågåskriu
Ottaelva gjennom Bismo har skifta løp. Det er tydelege tegn i terrenget på kor elva gjekk før i tida, og det er teke jordprøver langs det gamle elveløpet som viser dette. Mykje tydar på at elva skifta løp under Storofsen. Her følgjer en teori på korleis et kan ha skjedd:
Hågåskredet gjekk i Bruheimsgrende vest for Bismo ovanfor Skamsarfossen under Storofsen. Det var eit meir eller mindre samanhengande skred over 1,4 km mellom Søre Skamsar og Kittilstad. Rasmassane gjekk tvers over dalen og Ottaelva, og demte opp elva ovanfor Skamsarfossen. Fallet frå foten av Dønfossen og ned til Harsheimholen er berre 17 meter, og heile dalføret kan ha vore eit 7 km langt oppdemt vatn. Når demninga rauk, kom vatnet med enorme mengde stein, mold, aur og trær ned Skamsarfossen og demte truleg opp elveløpet som gjekk over Skjåkheimen.
Hågåskredet gjekk i Bruheimsgrende vest for Bismo ovanfor Skamsarfossen under Storofsen. Det var eit meir eller mindre samanhengande skred over 1,4 km mellom Søre Skamsar og Kittilstad. Rasmassane gjekk tvers over dalen og Ottaelva, og demte opp elva ovanfor Skamsarfossen. Fallet frå foten av Dønfossen og ned til Harsheimholen er berre 17 meter, og heile dalføret kan ha vore eit 7 km langt oppdemt vatn. Når demninga rauk, kom vatnet med enorme mengde stein, mold, aur og trær ned Skamsarfossen og demte truleg opp elveløpet som gjekk over Skjåkheimen.
Bismo i dag |
Kjelder
Yr - De største flommane i Norge: http://www.yr.no/nyheter/1.6233304
Geoportalen – Storofsen: http://www.geoportalen.no/nyheter/storofsen/
Wikipedia – Storofsen: http://no.wikipedia.org/wiki/Storofsen
Etiketter:
Infotavler
Store Dalasjø
Store Dalasjø
Du står no på Tverrfjell-stigen over Lundahaugen, med utsikt mot Lundadalsmunningen med Flatmoen og Gjeitryggen i sør.
Isen smeltar
I siste istid låg det ei iskappe på 2000 meter over Skjåk. Skjåk smelta fram for om lag 10.000 år sia. Fyrst rann vatnet mot vest. Seinare når breane smelta ned til ei høgde under fjellovergangane mot vest, rann vatnet mot aust. Elvene og breane forma dalane og la tidvis opp grus og sand i delta eller grus og stein i morenar, ettersom breane trekte seg attende.
Isdemning
I midtre delar av Gudbrandsdalen ved Vinstra-Ringebu, låg det att ein stor brekul over ei lang periode. Bak brekulen danna det seg ein stor bresjø som strakte seg opp heile Gudbrandsdalen til Lesjaskogsvatnet og oppover Ottadalen til 635 moh i Skjåk. Vatnet har seinare fått namnet Store Dalasjø. Store Dalasjø rann ut over Lesjaskog og ned Romsdalen.
Strandliner
Strandlinene for Store Dalasjø finn vi att ved Aura, Roen, Aursjovegen og med eit breelvdelta ved Pollmoen i Skjåk. Strandlinene er opptil 10 meter breie terrassar i terrenget. Det er funnet liknande terrassar på om lag same høgde i Vågå, Nord-Sel, Dovre og Lesja. Det styrkar teorien om Store Dalasjø, men det har også vore hevda at det var fleire bredemte sjøar i området.
Gjeitryggen |
Flatmoen og Geitryggen
Det er to terrasser i munninga på Lundadalen som er monaleg større. Den øvste ligg på 635 moh. Seinare smelta breen i hovuddalføret meir ned, og Skjøli laga eit nytt delta ut i vatnet 40 meter lågare. Begge terrassane er heilt flate oppå, og dei er restar av breelvdeltaet som har fylt heile munninga av Lundadalen. Tjukkleiken på breelvdeltaet er 100 m. Terrassane ligg på båe sider av dalen, berre gjennomskåre av Skjøli i eit djupt gjel ned til berget. På vestsida av dalen ligg Flatmoen med eit stort grustak i dag. Lenda har greidd å skylle vekk det meste på austsida av munninga. Den randa som er att av terrassen, heiter Geitryggen.
Lundahaugen
Finmateriale som silt og kvabb finn vi på båe sider av Ottaelva på jordene til Forberg og Hole og i Lundahaugen ved Ofossen på 410-430 moh. Lundahaugen har lagdelt kvabb over ei bottmorene med eit lag støypesand på toppen. Det kan tyde på at Store Dalasjø også låg på eit lågare nivå i dalbotn ein periode.
Etiketter:
Infotavler
Lendbreen
Leir frå vikingtida i Breheimen
Lendbreen ligg i himmelsynet mot sør når du kjem opp til Lendhytta. Det går ikkje stig vidare opp til Lendbreen. Den beste ruta til Lendbreen går opp langs Lenda til Lendholet.Ferske kulturminne frå Breheimen
Funnområdet på 1900 moh. i overkanten av Lendbreen i Breheimen ble oppdaga i 2011. Funnstaden ligg på grensa mellom Lom og Skjåk kommune. Her er det førebels funne hundrevis av arkeologiske funn. Det var stor avsmelting og svært mange godt bevarte funn har smelta fram. Dei meste kjende funna er kjortelen frå Lendbreen – eit funn som har vakt internasjonal oppsikt, og funn av ein 3300 år gamal boge på Åndfonna like ved.Jernalderleiren på breen er ein arkeologisk sensasjon
Arkeologane sin leir i Lendholet under Lendbreen |
Så langt er det funne skinnsko, klesnål av tre, tekstiler, restar etter plagg, ulike reiskap av tre som spadar, ulike gjenstandar av never med saum, fangstutstyr, hestesko, hesteutstyr, piler, skremmepinnar og ein unik boge. Det største klestykket måler halvanna meter i diameter.
Mange av tekstilane og lærstykka har saum. Det same gjeld never som kan ha vore nytta til å lage sekkar. På våpensida har ein funne boge, fleire komplette piler med skaft og pilspissar og skremmepinnar. Fangstfolka for 1000 år sia nytta hestar. Ein har funne hestesko og utstyr til kløv og hestedrag.
Skinnsko |
Dei siste åra har det vore ekstrem nedsmelting av snøfonner og isbrear i høgfjellet og gjenstandane frå buplassen kjem no frem att. Gjennom 1000 år eller meir har gjenstandane vore innefrose i isen. Mange av gjenstandane er derfor ekstremt godt bevart.
Fangstmetoder
Skremmepinne |
Å veide rein på fonn med pil og boge var ein enkel og effektiv jaktmetode. Folk i dalen kunne dra opp i fjellet på varme sommardagar. Der la dei seg bak bogestillingene og venta på reinsdyrflokken som ble leda til dei av skremmepinnar.
Skremmepinnane var plassert i lange rekker for å lede reinsdyra dit jegaren låg og venta i bøgåstøet. Skremmepinnane hadde tre delar; stikke, snor og ein vimpel.
Stikka var laga av spalta treverk eller av ein rundkvist, og kunne ha eit hakk og hode for feste av ei snor. Snora har vore nytta til å feste ein lett og tynn vimpel av trespon til stikka. Snora var laga av ull, dyrehår eller sener. Toppen av skremmepinnen kan også ha vore laga av never eller buntar av bjørkeris som ble festa til stikka med ei vidjeknute.
Noregs eldste kleplagg
Restar etter eit plagg |
C14 - dateringa syner at tekstilet er om lag 1700 år gamalt. Vevteknikken som er brukt er ganske avansert, og blir kalla diamantkypert.
3300 år gamal boge er funne i Breheimen
I 2011 ble det funne ei heil boge ved Åndfonna på Lomseggen i Breheimen nasjonalpark. Boga er no datert med C-14 metoden og resultatet syner at boga er 3300 år gamal. Dette er dermed Noregs eldste og best bevara boge. Lengdemålet for boga er 131 cm. i utretta tilstand.Boga frå Breheimen |
Kjelder
Norsk Fjellmuseum.Reinsjakt i dag
Lendfjellet er eit godt jaktområde også i dag, særleg for jegerar som er ute etter storbukk. Skjåk Almenning forvaltar jakta på Skjåk søraustområde, med ei kvote på over 200 dyr.
Etiketter:
Infotavler
Dalformasjonar ved Dønfoss
U-dalar
Hovuddalføret og sidedalane i Skjåk blir kalla u-dalar. Frå dette punktet kan du sjå Ottadalen som går over i Billingsdalen her ved Dønfoss, og Tundradalen og Åstridalen som munnar ut i Ottadalen. Hovudelva kjem frå Billingsdalen, men morfologisk er Åstradalen hovuddalen.
Billingsdalen og Tundradalen er hengande dalar i forhold til Åstradalen, og elvane Otta og Tundra renn ytst i dalane ned i tronge gjel.
Istid
Det har vore istider med jamne mellomrom de siste 900 000 åra. Mellom istidene har dei isfrie periodane også sett variasjonar i klimaet. Den varmaste perioden etter siste istid var for 6–8 000 år sidan, da Jostedalsbreen var smelta heilt bort. Temperaturen har falt noko dei siste 6 000 år, og nådde minimum ved «den lille istida» for 300 år sidan. Etter det har temperaturen steget.Drumlines på Skjellflyen |
Tre faktorar som bestemmer istider:
• Jordbana si form vekslar sakte mellom ei nesten sirkulær og ei elliptisk bane, i løpet av ein periode på 100 000 år.
• Hellinga på jordaksa endrar seg i ein syklus på 41 000 år.
• Jorda er nærast sola etter ein syklus på 19 000 til 23 000 år.
Kombinasjonen av desse faktorane bestemmer kor mykje solstråling som treffer jorda. Dei tre syklusane svingar over tida, og forsterkar og utjamnar kvarandre med jamne mellomrom. Og det er nettopp innstrålinga i sommarhalvåret som er avgjerande for om det blir istid eller ikkje.
Når det kjem så lite solstråling inn om sommaren at snøen frå sist vinter ikkje smelter, startar isdekket å byggje seg opp frå år til år. Så gjer den veksande kvite isen vondt verre, ved å reflektere meir av solenergien attende til verdsrommet.
co2
Stigande nivå av co2 aukar temperaturen på jorda, slik at den tåler lågare solstråling utan å gå inn i ei ny istid. Tilstrekkelege utslipp av co2 kan utsette neste istid.I dei siste 900 000 åra har rundt 100 000 år lange istider blitt avløyst av 10 000 år med varmare mellomistider. Siste istid slutta for 11 000 år sidan, så slik sett skulle vi vere på full fart inn i neste nedfrysing.
Den neste istida ville uansett ikkje ha vore her før om 50 000 år. På grunn av spesielle samanfall mellom dei tre faktorane som bestemmer istidene, er vi inne i ei spesielt lang mellomistid. Det er 800 000 år sidan siste gong dette hendte. Utan menneskeleg utslepp av co2 ville vi nok fått det kaldare, men det skal mykje meir til før vi går inn i ei ny istid.
Geologi
Dønfossområdet er ein del av den vestre gneisregionen, som har av prekambriske bergartar. Den kaledonske fjellkjedefoldinga førte i stor grad til danninga av dei geologiske strukturane i denne regionen. Bergrunnen har for det meste granittiske gneisar og migmatittar.Tundragjelet |
Dønfossområdet er forma under nedsmeltinga etter siste istid
Morfologisk er Ottadalen hovuddalen, og den går over i Åstridalen ved Dønfoss. Billingsdalen og Tundradalen er sidedalar. Dei er hengjande dalar med bratte gjel ned i Ottadalen. Alle dalane er typiske U-dalar.Det store mønsteret tyder på at dalane fyrst har vore forma av elv før istidene. Seinare har breane strøymt nedover og gjeve dalen eit glasialt preg. Nokre stader har dalane bratte sider etter kraftig påverknad frå breen. Morenar dannar eit samanhengande dekke i dalbotnen og eit stykke opp i dalsidene.
Tundradalen og Billingsdalen er lange sidedalar til Ottadalen inn i Breheimen nasjonalpark. Ottadalen og Åstridalen går mot vest for seinare ved Bråtå å svinge mot sørvest innover i Breheimen nasjonalpark.
Øyberget
Øyberget |
Det ga eit voldsomt trykk mot Øyberget. Når isen seinare smelta ned, forsvann trykket og utløyste store steinsprang i Øyberget. Øyberget er seinare målt til å vere den største steinura i Nord-Europa.
Store Dalasjø
I midtre delar av Gudbrandsdalen ved Vinstra-Ringebu, låg det att ein stor brekul over ein lang periode. Bak brekulen danna det seg ein stor bresjø som strakte seg opp heile Gudbrandsdalen til Lesjaskogsvatnet og oppover Ottadalen til 635 moh i Skjåk. Vatnet har seinare fått namnet Store Dalasjø. Store Dalasjø rann ut over Lesjaskog og ned Romsdalen.Store Dalasjø gjekk opp til Pollfoss og til Tuvgjelet innerst i Bråtå. Ved Dønfoss hadde det ein dybde på om lag 200 meter.
Strandlinene for Store Dalasjø finn vi att ved Tundra, Aura, Roen, Aursjovegen og med eit breelvdelta ved Pollmoen i Skjåk. Strandlinene er opptil 10 meter breie terrassar i terrenget i omlag 635 moh. Det er funnet liknande terrassar på om lag same høgde i Vågå, Nord-Sel, Dovre og Lesja. Det styrkar teorien om Store Dalasjø, men det har også vore hevda at det var fleire bredemte sjøar i området.
Elveslette
Elvesletta ved Dønfoss |
Dette skjer ikkje berre der elvane møter sjøar utanfor isbreane. Også under breane har det blitt avsett vassborne lausmassar, eller grusryggar, kalla eskerar. Vi finn døme på eskarar like ved Bruvoll.
Klima og vegetasjon
Lokalisert mellom Jostedalsbreen og Jotunheimen ligg Dønfoss i overgangssona mellom eit relativt maritimt og kontinentalt klima. Den bratte klimatiske gradienten som skil vest og aust syner seg i Breheimen. Dei høgare områda av Breheimen i sør og vest skjermar truleg Dønfossområdet for maritim påverking, slik at klimaet er meir kontinentalt. Værstasjonane Gjeilo og Bråtå representerar klimaet ved Dønfoss. Ein trur at det er meir enn 1000 mm nedbør i året i høgare fjellområder sidan nedbør truleg aukar med høgda.Skogbygda
Nordberg med Dønfossområdet blir stundom omtala som skogbygda i Skjåk. I Nordberg er det store areal med produktiv furuskog, eigd av Skjåk Almenning. Denne delen av bygda har vore ressurstilgang i form av materialar, beite og for gardane i båe sokna. Frå ca. 1730 har skogen også hatt kommersiell betyding ved sal av i hovudsak rundtømmer fram til 1930. Da vart det bygt eit moderne sagbruk og høvleri i Bismo, og frå da av har avsetnaden dreia seg om foredla trelast.Elgfangst
Elgfangstgrop |
Til samen meiner ein å ha belegg for å seie at 70 % av hjorteviltet passerer dette anlegget i løpet av eit år. Gropene kan og ha vore nytta til fangst av hjort.
Fangsten må ha vore godt organisert, og har truleg sikra eit overskot av produkt som kunne nyttast i vareutveksling og byttehandel langt utover dei lokale forholda. Gevir, hudar og skinn var eksportert eller bytta mot varer frå sørlegare strok.
Naturlege stengsler i kvar ende av anlegget gjorde at dyra ikkje kunne passere der. Eit ledegjerde mellom fangstgropene gjorde at dyra måtte trekke mellom desse og bidra og til eit effektivt fangstsystem.
Elgtrekket er i dag truleg slik som det var da gropene var i bruk. Elgen held til i heile den skogkledde delen av Skjåk kommune. Elgen trekker inn i fjelldalane når snøen forsvinn og trekker ut att når det er for mykje snø. Området har mest elg i perioden desember til mai.
Konstruksjon
Gropene skulle vere djupe og tronge slik at elgen ikkje skulle kome seg opp att, og vart lett å drepe. Da grava vart bygd, vart lausmassar kasta frå gropa opp på sidene slik at det vart ein voll, og enda djupare grav. Heile gropa har sannsynleg vore kledd med tre innvendig, truleg i furu.
Alder
Kolprøver som er teke frå ei grop er tidfesta ved C-14 metode. Dateringane syner at fangstanlegget kan ha vore i bruk over lang tid, eller i ulike tidsperiodar - frå jarnalder og mellomalder. Prøvene viste ulike tidsperiodar: 220-570 e.Kr. 1275-1410 e.Kr. og 1500-1655 e.Kr.
Elgstamma
Elgstamma har veksla i forhold til naturtilhøva opp gjennom tidene. Ein meiner å ha belegg for å seie at 70 % av hjorteviltet passerer dette anlegget i løpet av eit år. Det kan passere opptil 25 elg på sume dagar. Dette er situasjonen i dag, og vi trur ikkje det er store variasjonar i høve til den tida anlegget var i bruk. Anlegget vitnar om gode kunnskapar om vanane til viltet med sesongtrekk mellom sumar og vinterbeite.
Etiketter:
Infotavler
Raudberget
Tafjord-Grotli-Lesjaskog-komplekset
TGL-komplekset dannar ein Y |
Serpentinitt og olivinstein har eit tynt oksidasjonslag på omlag 1cm ytst som er svært ulikt den finkorna og mørke friske bergarten. Raudberga er så næringsfattige at det blir liten eller ingen vegetasjon på jordsmonnet som blir danna ved forvitring. Rauberga er nakne, raude og ofte sterkt oppsprukne i blokkar.
Raudberga er sjeldne å sjå på jordoverflata, men i Skjåk er det mange av dei. Raudberga står att som ei høgde i landskapet. Isen har ikkje greidd å skure ned berget, mens vatn har grave seg godt ned i berget.
Flotte steinformasjonar på Raudberget |
Vi har raudberg nordover Spongflye, på Krosshø, nedanfor Breiddalsdammen ved Grotli, veslefjellet ved Nysetra, Raudberget på begge sider av Rauddalsdammen og på Sotflye i Skjåk. Raudberget ved Rauddalsdammen er ein større kropp av peridotitt med delvis omdanna grøne olivinkrystallar.
Farge
Det er bergarten serpentinitt som gjev farga. Den består av minerala serpentin og olivin i noko varierande blanding. Når innhaldet av serpentin går ned og olivin blir det dominerande mineral i bergarten, er det rett å kalle bergarten olivinstein. Overflatefarga er ofte meir gul for olivinstein og meir raud for serpentinrike typar. Rein olivinstein er førebels ikkje funnet. Vi finn også meir grøne lag av peridotitt.Veslefjell ved Nysetra |
Forvitring
Serpentinitt og olivinstein har eit tynt oksidasjonslag på omlag 1cm yttarst som er svært ulikt den finkorna og mørke friske bergarten. Raudberga er så næringsfattige at det blir liten eller ingen vegetasjon på jordsmonnet som blir danna ved forvitring. Viktige næringsstoff som til dømes kalsium, kalium og fosfor manglar heilt i raudberga. Rauberga er nakne, raude og ofte sterkt oppsprukne i blokkar.Raudhaug på Sotflyen ovafor Sota |
Danning
Olivin er ein av hovuddelane i mantelen. Mantelen ligg 2800 km under jordoverflata. Attende i urtida ble olivinbergartar pressa opp til jordoverflata som magma, for seinare å bli trykt ned til 70 km dybde. Her ble dei omdanna under høge trykk- og temperaturar. Under fjellkjedefoldinga i kaledonsk tid, er raudberga pressa opp til overflata. Det er uvanleg, sjølv i global målestokk, å sjå dei djupaste delane av havbotnskorpa så godt eksponert som i Raudberga.Industristein
Rauberg ved Grotli |
I industrien nyttar dei olivin som namn på bergarten. Magnesium, silisium og jern er det viktigaste innhaldet pH ligg i storleik på omlag 9 og eigenvekta på omlag 3,3 kg/dm³.
Olivin er altså ein tung og hard bergart, men forvitrar også ofte lett på grunn av kjemisk nedbryting. Jordsmonnet har eit høgt innhald av krom, kobolt, jern, magnesium og nikkel, og sporelementer av arsenikk, bly, kobbar, sink og titan. Olivin er ikkje giftig, sjølv om lista over innhald kan skremme oss.
Områda rundt raudberga
Reinrose |
Bergartane rundt raudberga i TGL-komplekset er glimmerskifer, fyllitt, kvartsskifer og andre kalkrike bergartar. Vegetasjonen er prega av kalkkrevjande blomar som lapprose, reinrose og raudsildre. Heile bakken ned frå Raudberget mot Framruste seter er fylt av planter som krever kalk. Og dette preger også alt dyreliv kring raudberga. Vassdraga får jamt tilsig av kalk og fisk får gode vekstvilkår.
Mineral og bergartar
Snøsøte er kalkkrevjande |
Grytestein
Nokre stader i raudberga som på Raudhaugen på Sotflya finn vi linser av kleberstein og talk. Her kan du sjå at folk i eldre tider har skore ut emne til gryter av kleber. Det er også teke ut kleber i det vesle raudberget nedanfor Breiddalsdammen ved Grotli.Grytestein i kleber under uthogging |
Kleberstein er ein bergart som inneheldt mykje av talk og med noko kloritt og amfibol. Kleberstein er ein mjuk bergart som du kan skjære med kniv. Ein anna viktig eigenskap ved kleberstein er at den står godt imot varme, og den egner seg godt til bruk i peis og omnar. Kleberstein har hatt mange namn. Eit vanleg namn som ikkje blir brukt lenger, er grjótstein. Ordet grjótstein er samansett av det gamalnorske ordet grjót og ordet stein. Ordet gryte er avleda av grjót, fordi kleberstein ofte var materialet i kokekar i vikingtida.
Andre mineral
Talk |
Amfibol er ei gruppe mineral som er med å dannar bergartar. Mineralet likner litt på pyroksen, men skiljer seg frå desse med forskjellige spalteretningar.
Peridotitt er ein bergart med svært høgt innhald av olivin. Andre vanlege hovudmineral er pyroksen og hornblende. Dunitt er ein type peridotitt.
Pyroksen er eit mineral, og dei to vanlegaste pyroksen heiter diopsid og enstatitt. Pyroksen har eit spalteplan som står vinkelrett på kvarandre. Pyroksen er etter feltspat truleg det vanligaste mineralet i jordskorpa.
Hornblende dannar plateforma krystallar. Mineralet har glasglans og du kan ikkje sjå gjennom det. Farga er grønsvart eller svart.
Serpentin er ei gruppe på tre mineral: antigoritt, krysotil og lizarditt. Du kan finne for det meste antigoritt. Vi kan også finne asbest og kromitt saman med serpentin i raudberga.
Krysotil eller fiberserpentin er ein trevla, silkeaktig og gyllen variant av serpentin. Dette er "kvitasbest".
Kammereritt er ein kromhaldig variant av mineralet klinoklor. Det har ein fiolettgrå farge. Du kan finne kammereritt på Raudberget i Rauddalen i Skjåk.
Formasjon på Raudberget |
Liste over mineral
Dette er mineraler som er funnet ved Raudberget av Torgeir T.Garmo. Du kan også sjå dei viss du besøker Fossheim Steinsenter i Lom.Aktinolitt, Amfibol, Andalusitt, Andraditt, Antigoritt, Apatitt, Aragonitt, Asuritt, Brusitt, Chrysotil, Cordieritt, Covellin, Diopsid, Dravitt, Enstatitt, Epidot, Feltspat, Flogopitt, Fuchsitt, Goethitt, Granat, Grossular, Hornblende, Kalsitt, Kammereritt, Klinoklor, Kloritt, Koppar, Kromitt, Kvarts, Kyanitt, Lizzarditt, Magnesitt, Magnetitt, Olivin, Pyritt, Pyrrhotitt, Rutil, Skapolitt, Thaumasitt, Titanitt, Tremolitt, Vesuvian
Stigen fram til Raudberget
Følg stigen frå Framrustsetra til Raudberget. Raudberget er delt i to av Framrustelva. Rauddalsdammen demmer opp Rauddalsvatnet i kløfta. Du kan gå opp på Raudberget og få eit enno vidare utsyn. Pass deg for å gå for langt ut på sidene. Det er bratt ned mot Rauddalsdammen og mot nord.
Etiketter:
Infotavler
Høyvelta
Seter i Finndalen |
Du står no på Høyvelta på stigen opp til Krossen.
Det var hit setringane køyrde høyet på slede frå setrene i Finndalen så snart isen over Honnsjoen var trygg. Her velta dei høyet over og køyrde mindre lass nedover lia. Før var det fleire heimsetre i skogbandet her, og på stigen opp til Krossen, i skogbandet, går du over Skrindstulen. Høyvelta har truleg også vore ei heimseter. Eit vinterlass med høy var 300 kg.
Krossen
Utsikt frå Krossen |
I følgje Snorre kom Heilag Olav frå Lesja i 1021, og da han så utover bygda frå Krossen, skal han ha sagt: "Det er synd at så fager ei bygd skal brennast."
Vegen til Finndalen
Honnsjoen |
Døktahytta
Døktahytta |
Gardane frå og med Ramstad og til og med Bakkomsgrende har sitt vatningsvatn frå Horrungane innafor Døktahytta. Ved hytta kan du også sjå restar av inngjerdinga som vart brukt for å samle inn beitedyra om natta for å verne dei mot rovdyr.
Fangstanlegga i Søre Døkte
Søre Døkte er svært rik på fangstminner. Totalt er det registrert om lag 50 reinsgraver i dette området. Dei finaste gravene ligg oppover frå nordenden av Fjellokkertjønne mot Finndalshorrungen. Her ligg over 20 graver på rekke og rad, nokre heilt intakte. Eldre folk har fortalt at desse gravene tilhøyde Me-Ramstad på Ramstadstronde. Da odelsguten fekk spørsmål om å overta garden, valde han reinsgravene her framfor garden.Ramstadberget
Stigen vestover fjellet over Ramstadberget til Kummehytta er ikkje merka. Du går langsmed Ottadalen over Ramstadberget, i kanten på Kummemyra og ned til Kummehytta. Frå Kummehytta er det merka stig ned til Marlo. Avstanden Høyvelta-Kummehytta er 5,4 km. Høyvelta ligg på 845 moh og Kummehytta ligg 880 moh. Toppunktet på turen er 1130 moh. Kummehytta står open. Det er lett å gå vidare i fjellet og ned merka stig langs Aura.
Etiketter:
Infotavler
Puttberget og Randsverk ved Sota
Stigen Sota-Brennsetra går over Puttberget og følgjer Illvegen over Randsverk. Frå Illvegen går det ein merka stig over Rundhaug og vidare til Raudhaug. Området var rikt på ressursar for folk i tidlegare tider.
Ferdselsvegen over Handspiken
Ferdselen på land har føregått til fots, ridande eller køyrande ved hjelp av dyr eller køyrety. I prinsippet kan vegane delast i tre typar; sti, rideveg og køyreveg. Utsjånaden til vegen avheng av kva den har vore nytta til. Mange gamle ridevegar er bygd ut til køyrevegar. Det er grunn til å tru at ei rekke av stiane i Breheimenområdet har svært lange tradisjonar. Det var grunneigarane og bøndene langs vegen som hadde ansvaret for vegvedlikehaldet. Det blei difor sett opp steinar som markerte skiljet mellom kvar parsell av vegen som den enkelte bonde eller grunneigar hadde ansvaret for.
Jostedalen hadde ferdsel over breen til Nordfjord og over Handspikje til Skjåk om Syrtbyttdalen, Sota og Liavatnet. Også i nyare tid har det vore mykje ferdsel denne vegen. På 1800- og 1900-talet var det mange som tok denne vegen frå Skjåk når dei skulle til Bergen for å nå Amerikabåten.
For bygdene i Øvre Gudbrandsdalen var kontakten vestover til Luster fram til 1600-talet viktigare enn kontakten austover. På 1300-talet var det mange i Lom som eigde gardar i Luster, og folk frå Luster hadde jordveg i Lom.
Syrtbyttdalen oppover mot Handspiken |
Vegen fortsette vidare gjennom Bismoen der kommunesenteret ligg i dag. Den gongen var det ein aude furumo her. Vest for Bismo gjekk leia over Skamsarbru eller Bruheimsbru og vidare vestover Nordberg på sørsida av dalen.
Lindsheim var den siste garden mot vest i mellomalderen og seinare ein viktig marknadsplass. Vegen fortsette forbi Lindsheim og Dønfoss på sørsida av dalen og inn på Tundramoen. I munningen av Tundradalen var det bru over Tundri i gjelet nedanfor garden Nedre Brumillom. Vegen gjekk ei kort strekning på vestsida av Tundri, før dei måtte krysse Ostri på ei bru.
Vegen følgde nordsida av Ostradalen innover og forbi Brekkom seterstul i Bråtå. Frå Bråtå tok vegen opp forbi Kollungssetra og over Kollungshaugane til Randsverk og Sota seter. Frå Sota gjekk vegen om Mysubytta, innover Syrtbyttdalen, over Handspiken og ned til Fåbergstølen i Jostedalen.
Jernvinne på Puttberget
Stigen går over ei turr sandrande. Her låg det ei jernvinne. Jernvinna var i bruk fram til 1700-talet i Noreg. Du kan sjå rustraude spor av jernforbindelser i bekken rett nordafor sandranden.Jernframstillinga i Noreg har føregått i over 2000 år. Dei fyrste spora etter denne verksemda er restar etter jernvinneomnar datert til før-romersk jernalder.
Sandranden på Puttberget |
Jernframstillinga føregjekk som oftast nær myr i utmark, område som er lite attraktive med tanke på jordbruk. Dette gjer at jernframstillingsplassane i mange tilfelle har fått liggje urørt.
Råstoffa ein treng til produksjonen av jern er myrmalm og tre, men prosessen som fører til det ferdige jernet er likevel komplisert.
Sjølv med all kunnskapen me i det moderne samfunn har om metallurgi, har ingen i nyare tid klart å framstille godt og smibart jern på same måte som dei gjorde i jernalderen og mellomalderen.
Jernframstilling
Slagg frå jernmalm. Foto:Per Dagsgard |
Deretter måtte ein lage sjølve jernvinna før jernblåsinga kunne byrje. Etter jernalderen nytta dei sjaktomn. I denne omnstypen vart slagget tappa flytende ut av sjakta gjennom ein opning mot botnen, og danna renneslagg. Omnen hadde ei underliggande grop for oppsamling av slagg. Over gropa har det stått ein sjakt av leire, som var støtta av ståande og liggande stein. Sjaktomnen var gravd ned i bakken og drevet av to belgar. Det var her sjølve framstillingsprosessen skjedde.
Jernet var ikkje klart til å bli smidd med ein gong. Jernet som vart liggande att i omnen var ikkje heilt reint, men inneheldt ureinhetar som slagg.
Produksjonen av jern kan kvantifiserast relativt nøyaktig. Ved å avklare forholdstalet mellom jern og slagg kan ein berekne produksjonen av jern ved den enkelte jernvinna. Forholdstalet kan utreknast som differansen mellom jerninnhaldet i malmen og slagget, som ligg på 0,3 kg jern for 1 kg slagg.
Reint teknisk fjernar ein oksygenatom frå malmen som jernoksid, i fyrste omgang ved røsting av malmen. Ved røsting brenn ein bål under myrmalmen for å fjerne jord og liknande og klargjere malmen til den vidare prosessen.
Det er åtte ulike typar myrmalm, og for å teste malmen skulle ein tygge på den. God malm skulle klebe til tennene. Etter røstinga vart malmen lagt i ei omnssjakt med trekol, som ved forbrenning danna gassen karbonmonoksid og fjerna oksygen frå malmen. Her vart malmen redusert og det vart framstilt jern, samt avfall kalla slagg.
Jernet i jernvinna vart framstilt etter den såkalla «direkte metoden», det vil seie at jernet vart framstilt under smeltepunktet. Dette førte til eit lågt karbonopptak og gjorde jernet godt eigna til smiing. Myrmalm passar ypparleg til denne metoden fordi det inneheld ureiningar med eit lågare smeltepunkt enn det jernet har.
Dette jernet er kalla blåsterjern eller jernlupp. Jernluppen måtte vidareforedlast før det kunne brukast som reiskapsmetall og denne vidareforedlinga skjedde i smier. Det er rekna eit maksimumstap på så mykje som 50 % i vidareformidlinga av jernet til reiskapsmetall.
Brensel
Gran, furu eller bjørk ser no ut til å vere likeverdige. Grunnen til dette var at treet vart omdanna til kol i kolgroper. Dette vart gjort ved å stable tørka ved i ei grop og legge eit dekke over for å avgrense lufttilførselen.
Veden vart truleg stabla like høgt over bakken som kolgropa var djup. Lufttilførselen skulle vere så liten at noko av trekolet forbrann, men berre det som var nødvendig for å erstatte varmen som gjekk med til å drive fuktigheita ut av veden.
Ved sidan av at kolgroper var ein enkel og genial konstruksjon som gav jamn fordeling av lufttilførselen, fungerte gropa også truleg som lager for å oppbevare kolet.
Produksjonsstad
Tilgang på myrmalm og tre var som nemnt føresetningar for kvar jern kunne framstillast. Jernvinna vart lagt til stader der ein slapp å transportere malm og ved over store avstandar. Morenejord ville vere å føretrekke, då ein måtte grave kolgroper.
Dette er dei viktigaste økologiske og økonomiske avgrensingane, men ein må rekne med at sosiale og kulturelle faktorar og spela inn.
Mange jernframstillingsplassar frå eldre og yngre jernalder ligg nært noverande stølsområde. Dette har fått fleire til å konkludere med at jernvinna var driven om sommaren ved sidan av stølsdrifta.
Stort sett finn ein jernframstillingsstader i utmark, og ofte tett opp imot tregrensa. Denne lokaliseringa har ført til at det er blitt framlagd ein teori om at jernvinna vart driven frå fjellgardar.
Dette var gardar lagt til marginale område der ein ikkje kunne overleve på jordbruket aleine, men også tok i bruk andre ressursar som til dømes jakt, fangst og jernvinne.
Etterspurnad
Eit gardsbruk sitt forbruk av jern i yngre jernalder og mellomalder har vore forslått til å vere rundt 1 kg i året. Jernet var dyrebart og ein må rekne med at jernreiskapar som vart øydelagd vart smidd om fleire gonger før det vart tatt i bruk «nytt» jern.
På dei fleste jernframstillingsanlegga som har vore arkeologisk undersøkt, ser det ut til at når jernvinnene har vore i drift har dei produsert jern i mengder som med god margin steig over det som gardsbruka i området hadde behov for.
Jernet vart ikkje berre produsert for å dekke lokale behov, men også med tanke på sal eller bytte. Sidan jernet var ei ettertrakta vare, egna det seg antakeleg ypparleg som byttevare.
Vikingtida var ei særs ustabil tid i Noreg, og etterspørselen etter jern til våpen må ha vore stor. Det var også ei ekspansiv periode og båtbygging måtte resultere i ein etterspørsel etter jernnaglar, og også jern til reiskapar.
Med såpass stor etterspørsel etter jern, kunne ein forvente at jernframstillinga gjennom vikingtid var stor for å dekke dette behovet.
Jernvinna på Puttberget var driven om sommaren ved sidan av fjellgardar eller seterdrift, og ga eit monaleg tilskot til drifta. Jern var ofte byttemiddelet som fjellgardane trong for å byte til seg nødvendige varer som til dømes korn og salt.
Randsverk seter
På Randsverk kan du sjå spor etter ei gamal fjellgard. Området var verdifullt på grunn av jernvinne, kleberbrot, fiske, falkefangst og reinsjakt før i tida. Det som folk fekk ut av utmarka om sommaren, var ofte overskotet som garden hadde i løpet av året.Kleberbrot på Raudhaug
Raudhaug |
Falkefangsthytte på Rundhaug
I skråninga under Rundhaug finn du restane av ei fangsthytte. Hytta er ein låg, ringforma voll av stein. Fangst av falk var for dressur til falkejakt i middelalderen. Fangarane fanga berre falkar som hadde lært seg å jakte ville dyr. Utanfor hytta monterte fangarane fleire høge stolpar med eit system av trinsar og tau som dei dirigerte inne frå hytta. Når ein falk nærma seg, vart ei lokkedue heist opp. Når falken slo ned mot dua, vart den trekt ned i riktig stilling for eit slagnett som samstundes vart løyst ut og slo over både dua og falken.Stortida for falkefangsten var i perioden frå midten av 1700-talet og fram til 1800-talet. Falkefangsten var den aller gjævaste av alle jaktformer, i det vesentlegaste utøvd av det øvste sosiale sjiktet. Falkefangsten omfatta både fangst, dressur og stell for å lære opp falkane til kontrollert jakt til europeiske kongelege jaktselskap. Dei som sto for fangst og dressur – falkonerane – utvikla seg etter kvart til ekspertar. Falkonerane var for det meste frå Mellom-Europa. Den vanskelege kunsten gjekk i arv frå far til son over fleire generasjonar, og falkoneriet var levebrød for mange menneske.
Fangstsesongen varte om lag ein månad, frå slutten av juli til slutten av august. Hittil er det funne og registrert tufter etter fire falkefangstanlegg i Skjåk. Eit av dei ligg her ved Rundhaug.
Falkefangstanlegga kravde store område, og i høgfjellterreng er spora etter fangsthyttene framleis synlege. Fangsthyttene vart bygd opp som ringar med ein diameter 3-4 meter. Dei er oppmura av steinheller til ei høgd på 15-25 cm. I nokre anlegg vart ringen oppbygd av berre torv. Spesielt kamuflerte telt kan også ha vore brukt, særleg ved fangstplassar som ligg så høgt at det ikkje var torv å finne. Fangsthyttene kan ha vore brukt kvart år, eller det kan ha vore fleire år mellom kvar gong dei var i bruk. Dette avheng av kor ofte falkar hekkar på staden. Det har vore ein klår samanheng mellom val av stad og kjende hekkeplassar for hauk og falk. Alt utstyr som fangstmennene brukte, til dømes levande lokkeduer, mat, klede, snorer, fangstnett, bur til transport av falkane og skytevåpen vart teke med frå heimlandet.
Når falken stuper ned mot duen, trekker falkefangaren duen raskt ned mot bakken der slagnettet ligg. Falken stupar ned mot duen, og begge fuglane bør treffe bakken samstundes. I same augeblink trekker fangstmannen i den snora som løyser ut fangstnettet, og nettet klappar samen over begge fuglane.
Jaktfalk
Jaktfalken er opptil 60 cm lang med eit vengespenn på opptil 160 cm. Hannfuglen veier 1100 gram og hofuglen 1750 gram. Jaktfalken legg 2-5 egg.
Kjenneteikn
Jaktfalken er største falk i verda. Den har lang hale og brei vengerot. Jaktfalkar i Noreg har brun overside og brunspragla underside. Ungfuglar er ljosare og nesten kvite.
Jaktmetode og næringsval
Fjellrypa er hovudbytte i høgfjellet. 96 % av dietten er fjellrype. Jaktfalken tek også smågnagarar og hare. Jaktfalken tar bytte i lufta, men også på bakken eller på vatn. Den kan fly med bytte som veier opptil 1800 gram. Jaktfalken er sjeldan og krev store, opne jaktområder.
Falkonering
Falkonering er kunsten å ha og å jakte med rovfuglar. Som statussymbol er jaktfalken høgast plassert blant rovfuglane, og ved mange hoff var jaktfalken truleg noko ein hadde berre til seremoniell bruk.
Falkejakta var eit ideal for kong Håkon Håkonsson og andre europeiske kongar på 1200-talet. I ein krigarelite og herskarideologi var jakt, og særleg jakt med rovfugl, ein populær fritidssyssel.
Fredrik II skriv på 1240-tallet at jaktfalken kan jakte med større mot, kraft og hastigheit enn andre rovfuglar. Jaktfalken vart ofte brukt til jakt på trane og hegre, men også and og hare. Hegrar og tranar er store fuglar som kunne skade eller drepe falkane. Sjølv jaktfalken var liten når den måtte felle ein fugl med eit vengespenn på over to meter og ei vekt på to-fire kilo. Å få falkane til å jakte på bytte som ikkje står på deira naturlege matsetel og som var større enn jegaren, var populært i eit krigararistokrati.
Omfang
I middelalderen eigde alle hoff og adel rovfuglar. Den engelske kongen hadde 27 falkegardar med 10-15 fuglar i kvar falkegard på eit tidspunkt på 1200-talet. Den franske kongen hadde 300 fuglar, og hertugen av Burgund hadde 88 menneske tilsett på sine falkegardar.
I toppåra på 1700-tallt kom omlag 300-500 jaktfalkar kvart år inn på marknaden og eit gåvenettverk via den danske kongen. Dette var jaktfalkar frå Island og Noreg.
Prisen
I siste halvdel av 1100-talet var jaktfalken verdt litt meir enn mannebot (bot for drap) for ein bonde. Ein falk hadde same verdi som 324 gram sølv. Det kunne rekke til fem-seks kyr, ein hest eller to, eller ei komplett våpenutrustning for ein mann. Dette var standardprisen for ein redefanga og utrena fugl. Ein trena hofugl hadde mangedobbel verdi.
Kostnaden med falkonering var uvesentleg ettersom falkonering høyrte til eliten og deira ideologi. Ofte var falkane gåver mellom kongane, gåver som knytte band mellom hoffa. Men falkar kunne også kjøpast på den opne marknaden. På 1600-1700-talet tilsvarte prisen ti kyr.
Jaktfalkane var eit symbol på rikdom og makt. Men ein jaktfalk har sitt naturlege leveområde i nordlege og kalde strok. Mange fuglar døde derfor etter kort tid i varmare og fuktigare strok i Europa.
I dag aukar interessa for falkonering i Europa. Den største trugselen mot norske rovfuglar no, er økonomisk kriminalitet med eggsamling og fangst av fuglar til den illegale marknaden.
Falkeleverandørar
I Noreg vart falkar fanga alt på 900-talet. Rettane tilfangsten var regulert i mellomalderlovane. Dei norske kongane kontrollerte sjølv falkefangsten. Men når Håkon VI døde i 1380, vart Noreg og Danmark sameina under hans danske dronning. Utan konge og adel som dreiv med falkonering forsvann kunnskapen om fenomenet i Noreg. Den danske kongen leiger i stor grad ut rettane til fangst i Noreg.
Hanseatane og deretter hollendarane profesjonaliserte fangsten og treninga. Hollendarane monopoliserer nesten heile marknaden. To byar i Holland spesialiserer seg på trening, og fuglar herifrå, samt hollandske falkonerar er å finne ved nesten alle europeiske hoff på 1500-, 1600- og 1700-talet.
Bågåstøanlegg ved Sottjønn
På det austre eidet mellom Fremste Sottjønn og Inste Sottjønn ligg det eit fangstanlegg med 21 bogestille. På Haukberget nordaust for lokaliteten ved Sottjønn, ligg det eit fangstanlegg med fem dyregraver med ledegjerde. Ved Ytste Gjelåi på sørsida av Tundradalen ligg eit fangstanlegg med tre dyregraver med ledegjerde og fem bogestiller. I dette området er også registrer fleire mindre lokalitetar med dyregraver, tufter og hellarar og krypinn.
Bogostille
Eidet mellom Sottjønna |
I dei fleste dyregravsystema finst det spor etter gøymeplassar som dels er grave ned i bakken og dels er mura over. Gøymeplassane er sirkelrunde, og med tverrmål på ein meter og ei djupn på 80-90 cm gav dei plass til ein person. Forma er laga slik at dei går i eitt med terrenget, og jegeren kunne skyte i alle retningar. Fangstfolka hadde ei kombinert oppgåve; både å passe dyregravene, som var det primære, men også å drive aktiv jakt frå gøymeplassen sin.
Bogostille. Foto:Per Dagsgard |
Dyregrav
Dyregravene som fangstinnretning viser kunnskapen som fangstfolka hadde om trekkvegane til reinen. Nokre trekkvegar bruker reinen ofte, andre sjeldnare. Stader med berre ein farbar gjennomgang for reinen, eller der fleire reinstrekk møtast, var gode plassar for dyregraver.
Bygging av dyregraver var ei omfattande oppgåve. Kvar dyregrav kunne vere 2 m djup, 2 m lang og 0,7 m brei innvendig, og blei laga med solide, mura vegger. Konstruksjonane skulle motstå telehiv og frostsprenging vinterstid, noko som stilte store krav til utføringa. Sidan dei hadde primitive reiskapar, gjekk det med 20-25 dagsverk for å lage kvar grav.
Fangstfolka brukte leiegjerde og skremmegjerde, snorer med skremsel, som kunne strekke seg fleire kilometer frå fangstanlegget, for å auke moglegheita for fangst. Dei ulike gjerdetypane var tilpassa terrenget, og korleis reinen utnytta dei ulike områda. Gjerda kan delast inn i tre hovudgrupper; ”bægje”, ”stengje- eller sperregjerde” og ”skræmegjerde”. Eit bægje vart brukt for å styre reinen i ei bestemt retning. Skræmegjerde vart brukt for å hindre reinen i å komme inn i fjellområde der dei ikkje hadde fangstanlegg. Skræmegjerda var laga av fingertjukke og opptil 2 meter høge trestavar som var spissa i rotenden. På toppen av stavane var det hengt opp flagrande ting, til dømes fletta kuler av bjørkenever, trespiler og grastorv. Det store talet på stavar som er funne, tyder på at dette har vore ein vanleg gjerdetype.
Etiketter:
Infotavler
Abonner på:
Innlegg (Atom)