tirsdag 1. mai 2012

Høyvelta

Seter i Finndalen

Du står no på Høyvelta på stigen opp til Krossen.
Det var hit setringane køyrde høyet på slede frå setrene i Finndalen så snart isen over Honnsjoen var trygg. Her velta dei høyet over og køyrde mindre lass nedover lia. Før var det fleire heimsetre i skogbandet her, og på stigen opp til Krossen, i skogbandet, går du over Skrindstulen. Høyvelta har truleg også vore ei heimseter. Eit vinterlass med høy var 300 kg.


Krossen

Utsikt frå Krossen
På Krossen har du framifrå utsikt nordover bygda. Krossen er ein velkjend stad i Skjåk. Du bør opne Krossen og lese soga som er skriven inni.

I følgje Snorre kom Heilag Olav frå Lesja i 1021, og da han så utover bygda frå Krossen, skal han ha sagt: "Det er synd at så fager ei bygd skal brennast."



Vegen til Finndalen

Honnsjoen
Stigen går austover fjellet langsmed Honnsjoen og ned til seterstulen Vangen i Finndalen. Stigen er ikkje merka, men tydeleg og god å gå. Avstanden Krossen-Vangen er 10,9 km. Høyvelta ligg på 845 moh, toppunktet på turen er 1200 moh og Vangen ligg 880 moh. Det er her setringane også går med dyra. Vegen til Finndalen var også den stuttaste og enklaste ferdselsvegen til og frå Skjåk.



Døktahytta

Døktahytta
Stigen innover fjellet til Døktahytta er ikkje merka, men tydeleg og god å gå. Avstanden Høyvelta-Døktahytta er 2,7 km. Høyvelta ligg på 845 moh og Døktahytta ligg 1250 moh. Døktahytta står open.

Gardane frå og med Ramstad og til og med Bakkomsgrende har sitt vatningsvatn frå Horrungane innafor Døktahytta. Ved hytta kan du også sjå restar av inngjerdinga som vart brukt for å samle inn beitedyra om natta for å verne dei mot rovdyr.

Fangstanlegga i Søre Døkte

Søre Døkte er svært rik på fangstminner. Totalt er det registrert om lag 50 reinsgraver i dette området. Dei finaste gravene ligg oppover frå nordenden av Fjellokkertjønne mot Finndalshorrungen. Her ligg over 20 graver på rekke og rad, nokre heilt intakte. Eldre folk har fortalt at desse gravene tilhøyde Me-Ramstad på Ramstadstronde. Da odelsguten fekk spørsmål om å overta garden, valde han reinsgravene her framfor garden.

Ramstadberget

Stigen vestover fjellet over Ramstadberget til Kummehytta er ikkje merka. Du går langsmed Ottadalen over Ramstadberget, i kanten på Kummemyra og ned til Kummehytta. Frå Kummehytta er det merka stig ned til Marlo. Avstanden Høyvelta-Kummehytta er 5,4 km. Høyvelta ligg på 845 moh og Kummehytta ligg 880 moh. Toppunktet på turen er 1130 moh. Kummehytta står open. Det er lett å gå vidare i fjellet og ned merka stig langs Aura.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar