![]() |
Ottaelva gjekk gjennom Bismo før Storofsen |
Bismo før Storofsen
Du står no i det gamle elveløpet der Ottaelva gjekk før Storofsen, og på stigen Bismorunda.Bismo er ei breelvslette som er danna under isavsmeltinga og etter siste istid. Før Storofsen gjekk Ottaelva rett fram frå Skamsarfossen, forbi Skei, gjennom Bellingsdalen, over Skeimoplassen og vidare ned til Blåbærmyra og ut ved Bispen camping.
Bakgrunn for Storofsen
Vulkanutbrot på Island i 1784
Perioden frå ca. 1400 til ca. 1800 kallast
den lille istid. Dette var ein
periode med lange vintre og kalde såmare, noko som førte til at breane voks
kraftig. Tregrensa var lågare enn den er i dag, trulig
200 meter lågare. På 1770-tallet ble det varmare, men frå 1773 til vinteren
1788/89 var det kaldt vêr og kaldast var det i 1784 som følgje av eit gigantisk
vulkanutbrot på Island.
Store mengder av gassar i atmosfæren førte
til ein nedkjøling som ga langvarig islegging i mange europeiske elver.
Barfrost og mykje snø
Hausten 1788 ble elendig, regntung og våt,
så ble det sterk og langvarig barfrost slik at tela i Sør-Norge slo uvanlig djupt
før vinteren falt på og snøen kom. I Skjåk, som for resten av landet, ble dette
ein uvanlig kald vinter med enorme mengder snø. Og våren 1789 kom seint. Det heldt
seg så lenge kaldt at folk på fjellgardane var sikre på totalt uår.
Varme vindar frå søraust
18. mai 1789 kom ein usedvanlig varm vind frå
søraust. Betre vår enn denne kunne ingen huske. Det veksla mellom mildt regn og
klare solskinsdagar. Graset voks kraftig, kornet kom vel i jorda og slåttonna starta
14 dagar før enn vanleg.
Årsaken var eit lågtrykk som kom opp frå søraust.
Dei varme luftmassane skrev seg frå det sentrale Atlanterhavet og hadde tatt
opp meir varme og fuktighet frå Middelhavet før det svinga mot nordvest og aust
for Alpene. Dette er den farlegaste lågtrykksbana som gjev storflom i Europa og
var årsak til flaumkatastrofane i Oder i 1997 og i Elben og Donau i august
2002.
Men folk var likevel litt uroa. Dei klarte
ikkje å slå frå seg at det ennå låg att mykje snø i høgfjellet. Dei eldre fekk tankar
om flomåret 1760, også den gong kom ein vedvarande, heit austavind og sommarregn.
I juni tok snøsmeltinga for alvor til i fjellet, og ein sein vårflom ble kraftigare
fordi tela ennå sto i jorda. Men elver og bekkar tok enno godt unna vatnet, og
denne fyrste sommarmånaden ble den beste på mange år.
![]() |
Regntung dag på Dønfoss |
Striregn og varme
I juli forsto folk at det ble for mykje av
det gode. Hadde dei sist haust og vinter bedt Vårherre om mildare vær, så kom
dette i fullt mon no, og det ble varmare for kvar dag. Dessutan tok regnskurene
til å falle stadig tettare, og sola ble heilt borte. Snart var det ikkje snakk
om byger, men om samanhengande striregn. Frå 7. juli hølja det ustanselig ned.
I tillegg kom ein uavbrote hete på over 30 grader med kvalm, trykkande luft så
folk knapt orka å arbeide ute på markene. Men det måtte dei, alle arbeidsføre dreiv
nesten døgnet rundt med å grave grøfter for å lede vatn bort frå jorder og hus.
Storofsen i juli 1789

14. juli 1789, nettopp da folkemengda i dei
regnvåte, gjørmete gatene i Paris storma Bastillen og den franske revolusjonen
var i gang, gjekk naturkreftene for alvor laus på det sønnafjelske Norge.
Dette gikk mot noe forferdelig. Frå midt i
juli regna den natt og dag. Himmelen ble farga fiolett. Tropevarmen bråna både
ny og gamal snø i høgfjellet. Fjellbekker kom buldrande som fossefall ned over
bergsidene og ut av skogane med grumset, brunt vatn som tok med seg trær, mold,
torv; snart også vegar, bruer og kvernhus. Tysdag 21. juli makta ikkje
dagslyset å bryte fram. Markene ble underlige å gå på. Det duva og gynga berre
dei gjekk over jordet. Folk hadde gjeve opp all grøftegraving, og hadde nok med
å tette tak og veggar mot regnet som dreiv inn alle stader.
![]() |
Regn og sol og torden |
Onsdag 22. juli 1789
Flommen hadde bredt seg til alle
storelvene i dalane, og Gudbrandsdalslågen var det ingen som kjende att. Dette
ble det verste nedbørsdøgnet. Lyn flerra himmelen, torden rulla, vatnet kom
veltande alle stader og elvene ble til mektige sjøar som fylte heile dalføret
frå fjellside til fjellside ned mot Mjøsa.
Det begynte å gå skred. Grasvollene, tunområda,
liene, heile fjellsider slapp jordfestet. Skreda kom frå øvste åskant, braut
nedover med en blanding av stein, mold, aur og vatn.
Ei tønne med en opning på 1450 cm² og med
et volum på 132 liter skal ha regnet full på tre døgn på Vollan gard i Romsdal.
Dette tilsvaret en regnhøgde på 320 mm på tre døgn.
Gudbrandsdalen vart fylt med vatn og Mjøsa sto 10 meter over det normale. I Skjåk slapp heile fjellsider jordfestet, 335 hus forsvann, 121 hus vart skada og 10 menneske omkom.
Gudbrandsdalen vart fylt med vatn og Mjøsa sto 10 meter over det normale. I Skjåk slapp heile fjellsider jordfestet, 335 hus forsvann, 121 hus vart skada og 10 menneske omkom.
![]() |
Frå Skamsarfossen og vestover til Dønfoss |
Hågåskriu
Ottaelva gjennom Bismo har skifta løp. Det er tydelege tegn i terrenget på kor elva gjekk før i tida, og det er teke jordprøver langs det gamle elveløpet som viser dette. Mykje tydar på at elva skifta løp under Storofsen. Her følgjer en teori på korleis et kan ha skjedd:
Hågåskredet gjekk i Bruheimsgrende vest for Bismo ovanfor Skamsarfossen under Storofsen. Det var eit meir eller mindre samanhengande skred over 1,4 km mellom Søre Skamsar og Kittilstad. Rasmassane gjekk tvers over dalen og Ottaelva, og demte opp elva ovanfor Skamsarfossen. Fallet frå foten av Dønfossen og ned til Harsheimholen er berre 17 meter, og heile dalføret kan ha vore eit 7 km langt oppdemt vatn. Når demninga rauk, kom vatnet med enorme mengde stein, mold, aur og trær ned Skamsarfossen og demte truleg opp elveløpet som gjekk over Skjåkheimen.
Hågåskredet gjekk i Bruheimsgrende vest for Bismo ovanfor Skamsarfossen under Storofsen. Det var eit meir eller mindre samanhengande skred over 1,4 km mellom Søre Skamsar og Kittilstad. Rasmassane gjekk tvers over dalen og Ottaelva, og demte opp elva ovanfor Skamsarfossen. Fallet frå foten av Dønfossen og ned til Harsheimholen er berre 17 meter, og heile dalføret kan ha vore eit 7 km langt oppdemt vatn. Når demninga rauk, kom vatnet med enorme mengde stein, mold, aur og trær ned Skamsarfossen og demte truleg opp elveløpet som gjekk over Skjåkheimen.
Bismo i dag |
Kjelder
Yr - De største flommane i Norge: http://www.yr.no/nyheter/1.6233304
Geoportalen – Storofsen: http://www.geoportalen.no/nyheter/storofsen/
Wikipedia – Storofsen: http://no.wikipedia.org/wiki/Storofsen
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar