Leir frå vikingtida i Breheimen
Lendbreen ligg i himmelsynet mot sør når du kjem opp til Lendhytta. Det går ikkje stig vidare opp til Lendbreen. Den beste ruta til Lendbreen går opp langs Lenda til Lendholet.Ferske kulturminne frå Breheimen
Funnområdet på 1900 moh. i overkanten av Lendbreen i Breheimen ble oppdaga i 2011. Funnstaden ligg på grensa mellom Lom og Skjåk kommune. Her er det førebels funne hundrevis av arkeologiske funn. Det var stor avsmelting og svært mange godt bevarte funn har smelta fram. Dei meste kjende funna er kjortelen frå Lendbreen – eit funn som har vakt internasjonal oppsikt, og funn av ein 3300 år gamal boge på Åndfonna like ved.Jernalderleiren på breen er ein arkeologisk sensasjon
![]() |
Arkeologane sin leir i Lendholet under Lendbreen |
Så langt er det funne skinnsko, klesnål av tre, tekstiler, restar etter plagg, ulike reiskap av tre som spadar, ulike gjenstandar av never med saum, fangstutstyr, hestesko, hesteutstyr, piler, skremmepinnar og ein unik boge. Det største klestykket måler halvanna meter i diameter.
Mange av tekstilane og lærstykka har saum. Det same gjeld never som kan ha vore nytta til å lage sekkar. På våpensida har ein funne boge, fleire komplette piler med skaft og pilspissar og skremmepinnar. Fangstfolka for 1000 år sia nytta hestar. Ein har funne hestesko og utstyr til kløv og hestedrag.
![]() |
Skinnsko |
Dei siste åra har det vore ekstrem nedsmelting av snøfonner og isbrear i høgfjellet og gjenstandane frå buplassen kjem no frem att. Gjennom 1000 år eller meir har gjenstandane vore innefrose i isen. Mange av gjenstandane er derfor ekstremt godt bevart.
Fangstmetoder
![]() |
Skremmepinne |
Å veide rein på fonn med pil og boge var ein enkel og effektiv jaktmetode. Folk i dalen kunne dra opp i fjellet på varme sommardagar. Der la dei seg bak bogestillingene og venta på reinsdyrflokken som ble leda til dei av skremmepinnar.
Skremmepinnane var plassert i lange rekker for å lede reinsdyra dit jegaren låg og venta i bøgåstøet. Skremmepinnane hadde tre delar; stikke, snor og ein vimpel.
Stikka var laga av spalta treverk eller av ein rundkvist, og kunne ha eit hakk og hode for feste av ei snor. Snora har vore nytta til å feste ein lett og tynn vimpel av trespon til stikka. Snora var laga av ull, dyrehår eller sener. Toppen av skremmepinnen kan også ha vore laga av never eller buntar av bjørkeris som ble festa til stikka med ei vidjeknute.
Noregs eldste kleplagg
![]() |
Restar etter eit plagg |
C14 - dateringa syner at tekstilet er om lag 1700 år gamalt. Vevteknikken som er brukt er ganske avansert, og blir kalla diamantkypert.
3300 år gamal boge er funne i Breheimen
I 2011 ble det funne ei heil boge ved Åndfonna på Lomseggen i Breheimen nasjonalpark. Boga er no datert med C-14 metoden og resultatet syner at boga er 3300 år gamal. Dette er dermed Noregs eldste og best bevara boge. Lengdemålet for boga er 131 cm. i utretta tilstand.![]() |
Boga frå Breheimen |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar