SSB melder at det er folkeauke i Skjåk fyrste kvartal 2012.
Auka skuldast nettoinnflytting til Skjåk dei tre fyrste månadane av 2012.
fredag 25. mai 2012
tirsdag 22. mai 2012
Filmbussen
Har du lyst til å vere med å lage film?
27. og 28. juni er det mogleg for dei som ynskjer å prøve seg på å lage film i Skjåk og Lom.
Filmbussen kjem, og 15 unge mellom 13-19 år kan melde seg på allereie no!
Meld deg på ved å ta kontakt med Aud Hove på telefon
41559413 eller aud.hove@skjaak.kommune.no.
Det blir og lagt ut lister på for påmelding på biblioteket.
Kurset er gratis! Lunsj for 2 dagar kostar kr 100,-
Dei 15 fyrste som melder seg på får vere med!
mandag 21. mai 2012
søndag 20. mai 2012
TEAM Skjåk vann NasjonalparkSkriket
![]() |
| TEAM Skjåk |
Juryen sa at TEAM Skjåk utmerka seg med eit stort spenn i framføringa, stor sangglede, ein enkel og effektiv koreografi, og eit smittande engasjementet.
TEAM Skjåk ga ein flott totalopplevelse, og hadde ein klar og tydeleg dirigent i Guro Grimstad.
Team Skjåk gjev heile pengepremien på 40.000 kroner til Bånngråtjønne Vel.
1200 publikumarar og 300 kordeltakarar ga ein flott ramme rundt den framifrå finala i Vågåhallen laurdag kveld under det store korslaget - «NasjonalparkSKriket». Regionrådet i Nord-Gudbrandsdal med Stian Høglien har vore prosjektleder, sto bak korslaget fordi korsang gjev betre folkehelse.
![]() |
| Guro Grimstad mottar gåvesjekken frå Ole Aasaaren |
TEAM Skjåk, Lom, Vågå, Sel, Dovre og Lesja konkurrerte med "Mandela Mandela" som pliktnummer, og kvar sitt sjølvvalde nummer. Skjåkværene brukte "Sombody to love" av Freddy Mercury. TEAM Skjåk opna konkurransen som fyrste deltakat og sang med herlege solistar og eit kor som som ga trampeklapp i salen.
Kvelden i Vågåhallen vart avslutta med ei fantastisk finale når alle 300 deltakarane sang "Månemannen" av VAMP.
fredag 18. mai 2012
Arrangementskalender
Skjåk kommune har ein eigen Arrangementskalender. På denne ynskjer vi at dei som bur i Skjåk og dei som tenker seg til Skjåk skal kunne finne kva som "rører" seg i bygda vår til ein kvar tid.
Vi treng DI hjelp for å halde denne kalenderen oppdatert!
Veit du om ei tilstelning eller eit arrangement som du ynskjer at fleire skal få vite om? Send ein e-post til inga.gudrun.hyrve@skjaak.kommune.no.
Vi vil legge arrangementet eller tilstelninga di både i Arrangementskalenderen og under Arrangementer på Facebook-sida til Skjåk kommune.

tirsdag 15. mai 2012
På tur i Skjåk
På tur i Skjåk kom ut fyrste gong i 2010. No er guiden forbetra og fornya i ein ny guide På tur i Skjåk 2012.
Turane er merka stigar og er lett tilgjengelege frå bilveg. Her finn du lette og bratte turar frå 1 time til heildagstur . Du kan gå litt av Skjåk på kvar tur og sjå litt av nasjonalparkane kvar gong.
Turane finn du også på heimesida til iSkjåk.
Guiden vil koma til alle i Skjåk 21. mai.
På tur i Skjåk 2012 er ein guide til fabelaktige turar i Breheimen og Reinheimen nasjonalparkar. I guiden finn du kart og korleis du finn fram til stigstart. Guiden er gratis og du får den på turistbedrifter og butikkar i bygda.
Turane er merka stigar og er lett tilgjengelege frå bilveg. Her finn du lette og bratte turar frå 1 time til heildagstur . Du kan gå litt av Skjåk på kvar tur og sjå litt av nasjonalparkane kvar gong.
Turane finn du også på heimesida til iSkjåk.
Guiden vil koma til alle i Skjåk 21. mai.
onsdag 9. mai 2012
Fotokonkurranse
10. mai er det Verdas aktivitetsdag.
Bli med på fotokonkuranse!
Mer informasjon finn du på Aktiv i Skjåk

mandag 23. april 2012
MOT vitja Skjåk
MOT-buseen kom til Skjåk frå Os i Østerdalen. Med i turnebussen var Atle Vårvik, tidlegare skøyteløpar.
Atle Vårvik og og Johan Olav Koss fekk med seg fleire toppidrettsutøvarar og starta MOT 1997.
Chand, som var med i X-faktor og som er MOT- ambassadør, var med saman med Kenneth Aksnes og Julie Vikestad Olsen. Til saman var dei 10 i turnebussen som kom til Skjåk onsdag kveld.
Klokka 10.00 torsdag byrja lydprøvane og ungdommane som skulle vere med frå Skjåk var klare og spente på dagen. Det var to lokale band, Elevator to hell og Bloody tears, som spelte. Desse har samspel i Skjåk kulturskule. Maria Eftevåg Melby song både ein sjølvlaga og ein annan song.9. klasse ved Skjåk ungdomsskule var kor til tre av songane som artistane frå MOT song under konserten. Dette hadde dei øvd på i førekant av besøket.
Det vart ein særs vellukka konsert der både elevar og lærarar storkosa seg. Etter konserten var kring 10 elevar med og rigga ned att utstyr.
Atle Vårvik heldt foredrag etter konserten torsdag til lærarane ved ungdomsskulen i Skjåk og andre som var bedt inn, m.a.lensmenn, leiarar i kommunen og frivillige organisasjonar.
Så gjekk ferda vidare til Ringebu og konsert der dagen etterpå.
For oss som jobbar med MOT i kommunane er det inspirerande og støttande å få besøk av MOT-gjengen og dette smittar over på både elevar og lærarar.
Skjåk har ikkje berre MOT-skule, men også lokalsamfunn med MOT. Derfor skal vi i løpet av neste år få i gang ungdom med MOT for å engasjere og aktivisere ungdommen sjølve i dette arbeidet.
I Skjåk vert det også arrangert MOT natt-cup med innebandy og volleyball for ungdommar i Lom og Skjåk. I fjor hadde vi eit samarbeid med Mental Helse og markerte Verdensdagen for psykisk helse ved å ha ein MOT natt-cup som vi kalla FORfriskande.
MOT
MOT-turne til Skjåk

fredag 20. april 2012
"Trio" blir spelt inn i Skjåk
Både radio og aviser har i dag omtala den nye TV-serien "Trio" som skal spelast inn her i Skjåk. "Trio" skal handle om tre veners leiting etter Odins gull, og handlinga er sjølvsagt lagt til Skjåk.
Fabelaktiv AS har lenge jobba med manus, og vore i kontakt med fleire i Skjåk under planlegginga.
Fabelaktiv AS
GD sin omtale av dramaserien

Abonner på:
Innlegg (Atom)