tirsdag 1. mai 2012

Raudberget


Tafjord-Grotli-Lesjaskog-komplekset


TGL-komplekset dannar ein Y
Du kan sjå gule og raude knausar stikke opp av fjellet i TGL-komplekset. Rundt desse knausane og haugane finn vi glimmerskifer, fyllitt, kvartsskifer og andre kalkrike bergartar.  TGL-komplekset dannar ein Y på kartet. Det strekker seg frå Sota over Rauddalsdammen til Grotli i Breiddalen. Her delar TGL-komplekset seg i ei grein mot nord til Tafjord og ei grein mot nordaust til Lesjaskog. Raudberga er typiske for TGL-komplekset.

Serpentinitt og olivinstein har eit tynt oksidasjonslag på omlag 1cm ytst som er svært ulikt den finkorna og mørke friske bergarten. Raudberga er så næringsfattige at det blir liten eller ingen vegetasjon på jordsmonnet som blir danna ved forvitring. Rauberga er nakne, raude og ofte sterkt oppsprukne i blokkar.

Raudberga er sjeldne å sjå på jordoverflata, men i Skjåk er det mange av dei. Raudberga står att som ei høgde i landskapet. Isen har ikkje greidd å skure ned berget, mens vatn har grave seg godt ned i berget.
Flotte steinformasjonar på Raudberget
Raudberga stikk opp av grunnfjellet mange stader i Skjåk i det som blir kalla TGL-komplekset eller Tafjord-Grotli-Lesjaskog-komplekset. Du ser dei som knausar i nyansar av gult og rustraudt.
Vi har raudberg nordover Spongflye, på Krosshø, nedanfor Breiddalsdammen ved Grotli, veslefjellet ved Nysetra, Raudberget på begge sider av Rauddalsdammen og på Sotflye i Skjåk. Raudberget ved Rauddalsdammen er ein større kropp av peridotitt med delvis omdanna grøne olivinkrystallar.

Farge

Det er bergarten serpentinitt som gjev farga. Den består av minerala serpentin og olivin i noko varierande blanding. Når innhaldet av serpentin går ned og olivin blir det dominerande mineral i bergarten, er det rett å kalle bergarten olivinstein. Overflatefarga er ofte meir gul for olivinstein og meir raud for serpentinrike typar. Rein olivinstein er førebels ikkje funnet. Vi finn også meir grøne lag av peridotitt.
Veslefjell ved Nysetra

Forvitring

Serpentinitt og olivinstein har eit tynt oksidasjonslag på omlag 1cm yttarst som er svært ulikt den finkorna og mørke friske bergarten. Raudberga er så næringsfattige at det blir liten eller ingen vegetasjon på jordsmonnet som blir danna ved forvitring. Viktige næringsstoff som til dømes kalsium, kalium og fosfor manglar heilt i raudberga. Rauberga er nakne, raude og ofte sterkt oppsprukne i blokkar.

Raudhaug på Sotflyen ovafor Sota

Danning

Olivin er ein av hovuddelane i mantelen. Mantelen ligg 2800 km under jordoverflata. Attende i urtida ble olivinbergartar pressa opp til jordoverflata som magma, for seinare å bli trykt ned til 70 km dybde. Her ble dei omdanna under høge trykk- og temperaturar. Under fjellkjedefoldinga i kaledonsk tid, er raudberga pressa opp til overflata. Det er uvanleg, sjølv i global målestokk, å sjå dei djupaste delane av havbotnskorpa så godt eksponert som i Raudberga.

Industristein

Rauberg ved Grotli
Norge har noen av verdens største olivinforekomster mellom anna i Åheim i Sogn og i Tafjord. Du kan også sjå dei på stader med vulkansk aktivitet, som på Lanzarote.
I industrien nyttar dei olivin som namn på bergarten. Magnesium, silisium og jern er det viktigaste innhaldet pH ligg i storleik på omlag 9 og eigenvekta på omlag 3,3 kg/dm³.
Olivin er altså ein tung og hard bergart, men forvitrar også ofte lett på grunn av kjemisk nedbryting. Jordsmonnet har eit høgt innhald av krom, kobolt, jern, magnesium og nikkel, og sporelementer av arsenikk, bly, kobbar, sink og titan. Olivin er ikkje giftig, sjølv om lista over innhald kan skremme oss.

Områda rundt raudberga

Reinrose
Raudberga ligg nærast som daude øyer i eit rikt landskap. Sjølve Raudberget er nesten fritt for vegetasjon. Bergartane er meir eller mindre giftige og det er svært få planter som klarer å vekse her. Da er det rart å sjå områda rett rundt Raudberget som er så rike på vekster.
Bergartane rundt raudberga i TGL-komplekset er glimmerskifer, fyllitt, kvartsskifer og andre kalkrike bergartar. Vegetasjonen er prega av kalkkrevjande blomar som lapprose, reinrose og raudsildre. Heile bakken ned frå Raudberget mot Framruste seter er fylt av planter som krever kalk. Og dette preger også alt dyreliv kring raudberga. Vassdraga får jamt tilsig av kalk og fisk får gode vekstvilkår.

Mineral og bergartar

Snøsøte er kalkkrevjande
Ved metamorfose kan olivin reagere med vatn og luft og danne mineral som serpentin og talk og bergarten serpentinitt. Elles inneheld rauberg magnesitt, tremolitt, kloritt, kromitt. Og ørsmå mengder av platina og palladium. Den reine krystallen av olivin blir kalla peridot. Det er ein halvedelsten. Nokre av verdas største og vakraste peridotar kjem frå Åheim på Sunnmøre. Peridot var den mest populære smykkestein i barokktida og skulle bringe lykke til eigaren. Peridot er fødselssteinen for dei som er fødd i august og står for namngjeten, styrke og energi.

Grytestein

Nokre stader i raudberga som på Raudhaugen på Sotflya finn vi linser av kleberstein og talk. Her kan du sjå at folk i eldre tider har skore ut emne til gryter av kleber. Det er også teke ut kleber i det vesle raudberget nedanfor Breiddalsdammen ved Grotli.
Grytestein i kleber under uthogging
Talk er eit mineral som er grønkvitt og i flak med ein såpeaktig overflate og ein perleaktig glans.
Kleberstein er ein bergart som inneheldt mykje av talk og med noko kloritt og amfibol. Kleberstein er ein mjuk bergart som du kan skjære med kniv. Ein anna viktig eigenskap ved kleberstein er at den står godt imot varme, og den egner seg godt til bruk i peis og omnar. Kleberstein har hatt mange namn. Eit vanleg namn som ikkje blir brukt lenger, er grjótstein. Ordet grjótstein er samansett av det gamalnorske ordet grjót og ordet stein. Ordet gryte er avleda av grjót, fordi kleberstein ofte var materialet i kokekar i vikingtida.

Andre mineral

Talk 
Kloritt er ei gruppe mineral som i likskap med glimmer lar seg spalte opp i tynne flak. Spalteflaka er fleksible, men ikkje så elastiske som i glimmer. Farga er som regel grøn.
Amfibol er ei gruppe mineral som er med å dannar bergartar. Mineralet likner litt på pyroksen, men skiljer seg frå desse med forskjellige spalteretningar.
Peridotitt er ein bergart med svært høgt innhald av olivin. Andre vanlege hovudmineral er pyroksen og hornblende. Dunitt er ein type peridotitt.
Pyroksen er eit mineral, og dei to vanlegaste pyroksen heiter diopsid og enstatitt. Pyroksen har eit spalteplan som står vinkelrett på kvarandre. Pyroksen er etter feltspat truleg det vanligaste mineralet i jordskorpa.
Hornblende dannar plateforma krystallar. Mineralet har glasglans og du kan ikkje sjå gjennom det. Farga er grønsvart eller svart.
Serpentin er ei gruppe på tre mineral: antigoritt, krysotil og lizarditt. Du kan finne for det meste antigoritt. Vi kan også finne asbest og kromitt saman med serpentin i raudberga.
Krysotil eller fiberserpentin er ein trevla, silkeaktig og gyllen variant av serpentin. Dette er "kvitasbest".
Kammereritt er ein kromhaldig variant av mineralet klinoklor. Det har ein fiolettgrå farge. Du kan finne kammereritt på Raudberget i Rauddalen i Skjåk.

Formasjon på Raudberget

Liste over mineral

Dette er mineraler som er funnet ved Raudberget av Torgeir T.Garmo. Du kan også sjå dei viss du besøker Fossheim Steinsenter i Lom.

Aktinolitt, Amfibol, Andalusitt, Andraditt, Antigoritt, Apatitt, Aragonitt, Asuritt, Brusitt, Chrysotil, Cordieritt, Covellin, Diopsid, Dravitt, Enstatitt, Epidot, Feltspat, Flogopitt, Fuchsitt, Goethitt, Granat, Grossular, Hornblende, Kalsitt, Kammereritt, Klinoklor, Kloritt, Koppar, Kromitt, Kvarts, Kyanitt, Lizzarditt, Magnesitt, Magnetitt, Olivin, Pyritt, Pyrrhotitt, Rutil, Skapolitt, Thaumasitt, Titanitt, Tremolitt, Vesuvian


Stigen fram til Raudberget


Følg stigen frå Framrustsetra til Raudberget. Raudberget er delt i to av Framrustelva. Rauddalsdammen demmer opp Rauddalsvatnet i kløfta. Du kan gå opp på Raudberget og få eit enno vidare utsyn. Pass deg for å gå for langt ut på sidene. Det er bratt ned mot Rauddalsdammen og mot nord.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar