tirsdag 1. mai 2012

Dalformasjonar ved Dønfoss

U-dalar


Hovuddalføret og sidedalane i Skjåk blir kalla u-dalar.  Frå dette punktet kan du sjå Ottadalen som går over i Billingsdalen her ved Dønfoss, og Tundradalen og Åstridalen som munnar ut i Ottadalen.  Hovudelva kjem frå Billingsdalen, men morfologisk er Åstradalen hovuddalen.

Billingsdalen og Tundradalen er hengande dalar i forhold til Åstradalen, og elvane Otta og Tundra renn ytst i dalane ned i tronge gjel.

Istid

Det har vore istider med jamne mellomrom de siste 900 000 åra. Mellom istidene har dei isfrie periodane også sett variasjonar i klimaet. Den varmaste perioden etter siste istid var for 6–8 000 år sidan, da Jostedalsbreen var smelta heilt bort. Temperaturen har falt noko dei siste 6 000 år, og nådde minimum ved «den lille istida» for 300 år sidan. Etter det har temperaturen steget.

Drumlines på Skjellflyen
Da isen trakk seg attende for 11 000–9 000 år sidan, var det pausar i attendetrekkinga da iskanten låg stille medan lausmassar ble avsett frå isflak og smeltevatn. Avsetningar frå isbreen kallast morene og lausmassane er blanda med store steinar som ligg samen med mindre usortert materiale. Lausmassar som er avsett i rennande vatn er på ein heilt annan måte sortert etter storleik. Leire er avsett på botn i innsjøar eller sjø med mykje brevatn.

Tre faktorar som bestemmer istider:
Jordbana si form vekslar sakte mellom ei nesten sirkulær og ei elliptisk bane, i løpet av ein periode på 100 000 år.
Hellinga på jordaksa endrar seg i ein syklus på 41 000 år.
Jorda er nærast sola etter ein syklus på 19 000 til 23 000 år.

Kombinasjonen av desse faktorane bestemmer kor mykje solstråling som treffer jorda. Dei tre syklusane svingar over tida, og forsterkar og utjamnar kvarandre med jamne mellomrom. Og det er nettopp innstrålinga i sommarhalvåret som er avgjerande for om det blir istid eller ikkje.

Når det kjem så lite solstråling inn om sommaren at snøen frå sist vinter ikkje smelter, startar isdekket å byggje seg opp frå år til år. Så gjer den veksande kvite isen vondt verre, ved å reflektere meir av solenergien attende til verdsrommet.

co2

Stigande nivå av co2 aukar temperaturen på jorda, slik at den tåler lågare solstråling utan å gå inn i ei ny istid. Tilstrekkelege utslipp av co2 kan utsette neste istid.
I dei siste 900 000 åra har rundt 100 000 år lange istider blitt avløyst av 10 000 år med varmare mellomistider. Siste istid slutta for 11 000 år sidan, så slik sett skulle vi vere på full fart inn i neste nedfrysing.
Den neste istida ville uansett ikkje ha vore her før om 50 000 år. På grunn av spesielle samanfall mellom dei tre faktorane som bestemmer istidene, er vi inne i ei spesielt lang mellomistid. Det er 800 000 år sidan siste gong dette hendte. Utan menneskeleg utslepp av co2 ville vi nok fått det kaldare, men det skal mykje meir til før vi går inn i ei ny istid.

Geologi

Dønfossområdet er ein del av den vestre gneisregionen, som har av prekambriske bergartar. Den kaledonske fjellkjedefoldinga førte i stor grad til danninga av dei geologiske strukturane i denne regionen. Bergrunnen har for det meste granittiske gneisar og migmatittar.

Tundragjelet

Dønfossområdet er forma under nedsmeltinga etter siste istid

Morfologisk er Ottadalen hovuddalen, og den går over i Åstridalen ved Dønfoss.  Billingsdalen og Tundradalen er sidedalar. Dei er hengjande dalar med bratte gjel ned i Ottadalen. Alle dalane er typiske U-dalar.

Det store mønsteret tyder på at dalane fyrst har vore forma av elv før istidene. Seinare har breane strøymt nedover og gjeve dalen eit glasialt preg. Nokre stader har dalane bratte sider etter kraftig påverknad frå breen. Morenar dannar eit samanhengande dekke i dalbotnen og eit stykke opp i dalsidene.

Tundradalen og  Billingsdalen er lange sidedalar til Ottadalen inn i Breheimen nasjonalpark. Ottadalen og Åstridalen går mot vest for seinare ved Bråtå å svinge mot sørvest innover i Breheimen nasjonalpark.


Øyberget

Øyberget
Under siste istid låg isdekket 2000 meter over havet ved Dønfoss. Det var knapt noko som fjell som stakk opp av isen. Når isen blir så mektig, flyt han uavhengig av dalar og fjell under. I Skjåk fløt isen seint i nordaustleg retning. På Skjellflyen er det funnet mange drumliner som syner dette. Ein drumline er ei avlang pølse av sand og grus som er avsett under isbre.

Det ga eit voldsomt trykk mot Øyberget. Når isen seinare smelta ned, forsvann trykket og utløyste store steinsprang i Øyberget. Øyberget er seinare målt til å vere den største steinura i Nord-Europa.

Store Dalasjø

I midtre delar av Gudbrandsdalen ved Vinstra-Ringebu, låg det att ein stor brekul over ein lang periode. Bak brekulen danna det seg ein stor bresjø som strakte seg opp heile Gudbrandsdalen til Lesjaskogsvatnet og oppover Ottadalen til 635 moh i Skjåk. Vatnet har seinare fått namnet Store Dalasjø. Store Dalasjø rann ut over Lesjaskog og ned Romsdalen.
Store Dalasjø gjekk opp til Pollfoss og til Tuvgjelet innerst i Bråtå. Ved Dønfoss hadde det ein dybde på om lag 200 meter.

Strandlinene for Store Dalasjø finn vi att ved Tundra, Aura, Roen, Aursjovegen og med eit breelvdelta ved Pollmoen i Skjåk. Strandlinene er opptil 10 meter breie terrassar i terrenget i omlag 635 moh. Det er funnet liknande terrassar på om lag same høgde i Vågå, Nord-Sel, Dovre og Lesja. Det styrkar teorien om Store Dalasjø, men det har også vore hevda at det var fleire bredemte sjøar i området.

Elveslette

Elvesletta ved Dønfoss
Dønfoss og Åmotsøya er ein stor elveslette på 2-3 km2 der dalane møtast.  Når både is og rennande vatn har verka med, får vi den største danninga av lausmassar. Dei minste partiklane breen skurar laus frå undergrunnen blir frakta bort av breelvane.  I denne transporten blir lausmassane slipte og får avrunda former.  Evna ei elv har til massetransport er avhengig vassføring og fall.  I rolege parti og stille vatn vil noko av lausmassane bli lagt att som sediment.
Dette skjer ikkje berre der elvane møter sjøar utanfor isbreane.  Også under breane har det blitt avsett vassborne lausmassar, eller grusryggar, kalla eskerar. Vi finn døme på eskarar like ved Bruvoll.

Klima og vegetasjon

Lokalisert mellom Jostedalsbreen og Jotunheimen ligg Dønfoss i overgangssona mellom eit relativt maritimt og kontinentalt klima. Den bratte klimatiske gradienten som skil vest og aust syner seg i Breheimen. Dei høgare områda av Breheimen i sør og vest skjermar truleg Dønfossområdet for maritim påverking, slik at klimaet er meir kontinentalt. Værstasjonane Gjeilo og Bråtå representerar klimaet ved Dønfoss. Ein trur at det er meir enn 1000 mm nedbør i året i høgare fjellområder sidan nedbør truleg aukar med høgda.

Skogbygda

Nordberg med Dønfossområdet blir stundom omtala som skogbygda i Skjåk. I Nordberg er det store areal med produktiv furuskog, eigd av Skjåk Almenning. Denne delen av bygda har vore ressurstilgang i form av materialar, beite og for gardane i båe sokna. Frå ca. 1730 har skogen også hatt kommersiell betyding ved sal av i hovudsak rundtømmer fram til 1930. Da vart det bygt eit moderne sagbruk og høvleri i Bismo, og frå da av har avsetnaden dreia seg om foredla trelast.


Elgfangst

Elgfangstgrop
I elgfangstanlegget ved Uppnose kan du sjå 10 fangstgroper på rekkje. På denne sida av elva Åstri, ligg eit enno større fangstanlegg med 22 groper.

Til samen meiner ein å ha belegg for å seie at 70 % av hjorteviltet passerer dette anlegget i løpet av eit år. Gropene kan og ha vore nytta til fangst av hjort.

Fangsten må ha vore godt organisert, og har truleg sikra eit overskot av produkt som kunne nyttast i vareutveksling og byttehandel langt utover dei lokale forholda. Gevir, hudar og skinn var eksportert eller bytta mot varer frå sørlegare strok.

Naturlege stengsler i kvar ende av anlegget gjorde at dyra ikkje kunne passere der. Eit ledegjerde mellom fangstgropene gjorde at dyra måtte trekke mellom desse og bidra og til eit effektivt fangstsystem.

Elgtrekket er i dag truleg slik som det var da gropene var i bruk. Elgen held til i heile den skogkledde delen av Skjåk kommune. Elgen trekker inn i fjelldalane når snøen forsvinn og trekker ut att når det er for mykje snø. Området har mest elg i perioden desember til mai.

Konstruksjon
Gropene skulle vere djupe og tronge slik at elgen ikkje skulle kome seg opp att, og vart lett å drepe. Da grava vart bygd, vart lausmassar kasta frå gropa opp på sidene slik at det vart ein voll, og enda djupare grav. Heile gropa har sannsynleg vore kledd med tre innvendig, truleg i furu.

Alder
Kolprøver som er teke frå ei grop er tidfesta ved C-14 metode. Dateringane syner at fangstanlegget kan ha vore i bruk over lang tid, eller i ulike tidsperiodar - frå jarnalder og mellomalder. Prøvene viste ulike tidsperiodar: 220-570 e.Kr. 1275-1410 e.Kr. og 1500-1655 e.Kr.

Elgstamma
Elgstamma har veksla i forhold til naturtilhøva opp gjennom tidene. Ein meiner å ha belegg for å seie at 70 % av hjorteviltet passerer dette anlegget i løpet av eit år. Det kan passere opptil 25 elg på sume dagar. Dette er situasjonen i dag, og vi trur ikkje det er store variasjonar i høve til den tida anlegget var i bruk. Anlegget vitnar om gode kunnskapar om vanane til viltet med sesongtrekk mellom sumar og vinterbeite.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar