tirsdag 1. mai 2012

Puttberget og Randsverk ved Sota


Stigen Sota-Brennsetra går over Puttberget og følgjer Illvegen over Randsverk. Frå Illvegen går det ein merka stig over Rundhaug og vidare til Raudhaug. Området var rikt på ressursar for folk i tidlegare tider.

Ferdselsvegen over Handspiken


Ferdselen på land har føregått til fots, ridande eller køyrande ved hjelp av dyr eller køyrety. I prinsippet kan vegane delast i tre typar; sti, rideveg og køyreveg. Utsjånaden til vegen avheng av kva den har vore nytta til. Mange gamle ridevegar er bygd ut til køyrevegar. Det er grunn til å tru at ei rekke av stiane i Breheimenområdet har svært lange tradisjonar. Det var grunneigarane og bøndene langs vegen som hadde ansvaret for vegvedlikehaldet. Det blei difor sett opp steinar som markerte skiljet mellom kvar parsell av vegen som den enkelte bonde eller grunneigar hadde ansvaret for.

Jostedalen hadde ferdsel over breen til Nordfjord og over Handspikje til Skjåk om Syrtbyttdalen, Sota og Liavatnet. Også i nyare tid har det vore mykje ferdsel denne vegen. På 1800- og 1900-talet var det mange som tok denne vegen frå Skjåk når dei skulle til Bergen for å nå Amerikabåten.
For bygdene i Øvre Gudbrandsdalen var kontakten vestover til Luster fram til 1600-talet viktigare enn kontakten austover. På 1300-talet var det mange i Lom som eigde gardar i Luster, og folk frå Luster hadde jordveg i Lom.

Syrtbyttdalen oppover mot Handspiken
Startar vi ved Fossbergom i Lom ved Moar kyrkje, som Lom kyrkje er kalla i middelalderbreva, så gjekk vegen vestover på sørsida av dalen der riksvegen går i dag. 15 km vestover kjem ein til Vollungsbru i Skjåk, som var nemnt i veigabota frå år 1400. I dag står det ei dobbel steinkvelvbru frå 1912 der brua stod i middelalderen. Brua før 1912 var ei dobbelt utleggsbru. Det var truleg same brutype som vart brukt i mellomalderen.

Vegen fortsette vidare gjennom Bismoen der kommunesenteret ligg i dag. Den gongen var det ein aude furumo her. Vest for Bismo gjekk leia over Skamsarbru eller Bruheimsbru og vidare vestover Nordberg på sørsida av dalen.

Lindsheim var den siste garden mot vest i mellomalderen og seinare ein viktig marknadsplass. Vegen fortsette forbi Lindsheim og Dønfoss på sørsida av dalen og inn på Tundramoen. I munningen av Tundradalen var det bru over Tundri i gjelet nedanfor garden Nedre Brumillom. Vegen gjekk ei kort strekning på vestsida av Tundri, før dei måtte krysse Ostri på ei bru.

Vegen følgde nordsida av Ostradalen innover og forbi Brekkom seterstul i Bråtå. Frå Bråtå tok vegen opp forbi Kollungssetra og over Kollungshaugane til Randsverk og Sota seter. Frå Sota gjekk vegen om Mysubytta, innover Syrtbyttdalen, over Handspiken og ned til Fåbergstølen i Jostedalen.

Jernvinne på Puttberget

Stigen går over ei turr sandrande. Her låg det ei jernvinne. Jernvinna var i bruk fram til 1700-talet i Noreg. Du kan sjå rustraude spor av jernforbindelser i bekken rett nordafor sandranden.

Jernframstillinga i Noreg har føregått i over 2000 år. Dei fyrste spora etter denne verksemda er restar etter jernvinneomnar datert til før-romersk jernalder.
Sandranden på Puttberget
Ein har nytta fleire ulike framstillingsteknikkar, men prinsippet har likevel vore det same heilt til den moderne masomnen tok over for fullt i Noreg for rundt 200 år sidan.
Jernframstillinga føregjekk som oftast nær myr i utmark, område som er lite attraktive med tanke på jordbruk. Dette gjer at jernframstillingsplassane i mange tilfelle har fått liggje urørt.
Råstoffa ein treng til produksjonen av jern er myrmalm og tre, men prosessen som fører til det ferdige jernet er likevel komplisert.
Sjølv med all kunnskapen me i det moderne samfunn har om metallurgi, har ingen i nyare tid klart å framstille godt og smibart jern på same måte som dei gjorde i jernalderen og mellomalderen.

Jernframstilling
Slagg frå jernmalm. Foto:Per Dagsgard
Produksjonen av jern femna om fleire arbeidsprosessar. Fyrst måtte ein grave opp myrmalm og hogge ved, og begge delar måtte tørkast. Når det hadde fått tørka måtte malmen røstast, og det måtte gravast kolgroper så veden kunne forkolast.
Deretter måtte ein lage sjølve jernvinna før jernblåsinga kunne byrje.  Etter jernalderen nytta dei sjaktomn. I denne omnstypen vart slagget tappa flytende ut av sjakta gjennom ein opning mot botnen, og danna renneslagg. Omnen hadde ei underliggande grop for oppsamling av slagg. Over gropa har det stått ein sjakt av leire, som var støtta av ståande og liggande stein. Sjaktomnen var gravd ned i bakken og drevet av to belgar. Det var her sjølve framstillingsprosessen skjedde.
Jernet var ikkje klart til å bli smidd med ein gong.  Jernet som vart liggande att i omnen var ikkje heilt reint, men inneheldt ureinhetar som slagg.
Produksjonen av jern kan kvantifiserast relativt nøyaktig. Ved å avklare forholdstalet mellom jern og slagg kan ein berekne produksjonen av jern ved den enkelte jernvinna. Forholdstalet kan utreknast som differansen mellom jerninnhaldet i malmen og slagget, som ligg på 0,3 kg jern for 1 kg slagg.
Reint teknisk fjernar ein oksygenatom frå malmen som jernoksid, i fyrste omgang ved røsting av malmen. Ved røsting brenn ein bål under myrmalmen for å fjerne jord og liknande og klargjere malmen til den vidare prosessen.
Det er åtte ulike typar myrmalm, og for å teste malmen skulle ein tygge på den. God malm skulle klebe til tennene. Etter røstinga vart malmen lagt i ei omnssjakt med trekol, som ved forbrenning danna gassen karbonmonoksid og fjerna oksygen frå malmen. Her vart malmen redusert og det vart framstilt jern, samt avfall kalla slagg.
Jernet i jernvinna vart framstilt etter den såkalla «direkte metoden», det vil seie at jernet vart framstilt under smeltepunktet. Dette førte til eit lågt karbonopptak og gjorde jernet godt eigna til smiing. Myrmalm passar ypparleg til denne metoden fordi det inneheld ureiningar med eit lågare smeltepunkt enn det jernet har.
Dette jernet er kalla blåsterjern eller jernlupp. Jernluppen måtte vidareforedlast før det kunne brukast som reiskapsmetall og denne vidareforedlinga skjedde i smier. Det er rekna eit maksimumstap på så mykje som 50 % i vidareformidlinga av jernet til reiskapsmetall.

Brensel
Gran, furu eller bjørk ser no ut til å vere likeverdige. Grunnen til dette var at treet vart omdanna til kol i kolgroper. Dette vart gjort ved å stable tørka ved i ei grop og legge eit dekke over for å avgrense lufttilførselen.
Veden vart truleg stabla like høgt over bakken som kolgropa var djup. Lufttilførselen skulle vere så liten at noko av trekolet forbrann, men berre det som var nødvendig for å erstatte varmen som gjekk med til å drive fuktigheita ut av veden.
Ved sidan av at kolgroper var ein enkel og genial konstruksjon som gav jamn fordeling av lufttilførselen, fungerte gropa også truleg som lager for å oppbevare kolet.
Produksjonsstad
Tilgang på myrmalm og tre var som nemnt føresetningar for kvar jern kunne framstillast. Jernvinna vart lagt til stader der ein slapp å transportere malm og ved over store avstandar. Morenejord ville vere å føretrekke, då ein måtte grave kolgroper.
Dette er dei viktigaste økologiske og økonomiske avgrensingane, men ein må rekne med at sosiale og kulturelle faktorar og spela inn.
Mange jernframstillingsplassar frå eldre og yngre jernalder ligg nært noverande stølsområde. Dette har fått fleire til å konkludere med at jernvinna var driven om sommaren ved sidan av stølsdrifta.
Stort sett finn ein jernframstillingsstader i utmark, og ofte tett opp imot tregrensa. Denne lokaliseringa har ført til at det er blitt framlagd ein teori om at jernvinna vart driven frå fjellgardar.
Dette var gardar lagt til marginale område der ein ikkje kunne overleve på jordbruket aleine, men også tok i bruk andre ressursar som til dømes jakt, fangst og jernvinne.

Etterspurnad
Eit gardsbruk sitt forbruk av jern i yngre jernalder og mellomalder har vore forslått til å vere rundt 1 kg i året. Jernet var dyrebart og ein må rekne med at jernreiskapar som vart øydelagd vart smidd om fleire gonger før det vart tatt i bruk «nytt» jern.
På dei fleste jernframstillingsanlegga som har vore arkeologisk undersøkt, ser det ut til at når jernvinnene har vore i drift har dei produsert jern i mengder som med god margin steig over det som gardsbruka i området hadde behov for.
Jernet vart ikkje berre produsert for å dekke lokale behov, men også med tanke på sal eller bytte. Sidan jernet var ei ettertrakta vare, egna det seg antakeleg ypparleg som byttevare.
Vikingtida var ei særs ustabil tid i Noreg, og etterspørselen etter jern til våpen må ha vore stor. Det var også ei ekspansiv periode og båtbygging måtte resultere i ein etterspørsel etter jernnaglar, og også jern til reiskapar.
Med såpass stor etterspørsel etter jern, kunne ein forvente at jernframstillinga gjennom vikingtid var stor for å dekke dette behovet.
Jernvinna på Puttberget var driven om sommaren ved sidan av fjellgardar eller seterdrift, og ga eit monaleg tilskot til drifta. Jern var ofte byttemiddelet som fjellgardane trong for å byte til seg nødvendige varer som til dømes korn og salt.

Randsverk seter

På Randsverk kan du sjå spor etter ei gamal fjellgard. Området var verdifullt på grunn av jernvinne, kleberbrot, fiske, falkefangst og reinsjakt før i tida. Det som folk fekk ut av utmarka om sommaren, var ofte overskotet som garden hadde i løpet av året.

Kleberbrot på Raudhaug

Raudhaug
I Raudhaug finn du kleberstein. Du kan sjå rester etter gryter som har vore skåre ut i berget her. Kleberstein er ein bergart som inneheldt mykje av talk og er lett å skjære. Kleberstein har mange namn. Eit vanleg namn som ikkje blir brukt lenger, er grjótstein. Ordet gryte er avleda av grjót, fordi kleberstein ofte var materialet i kokekar i vikingtida.

Falkefangsthytte på Rundhaug 

I skråninga under Rundhaug finn du restane av ei fangsthytte.  Hytta er ein låg, ringforma voll av stein. Fangst av falk var for dressur til falkejakt i middelalderen. Fangarane fanga berre falkar som hadde lært seg å jakte ville dyr. Utanfor hytta monterte fangarane fleire høge stolpar med eit system av trinsar og tau som dei dirigerte inne frå hytta. Når ein falk nærma seg, vart ei lokkedue heist opp. Når falken slo ned mot dua, vart den trekt ned i riktig stilling for eit slagnett som samstundes vart løyst ut og slo over både dua og falken.


Stortida for falkefangsten var i perioden frå midten av 1700-talet og fram til 1800-talet. Falkefangsten var den aller gjævaste av alle jaktformer, i det vesentlegaste utøvd av det øvste sosiale sjiktet. Falkefangsten omfatta både fangst, dressur og stell for å lære opp falkane til kontrollert jakt til europeiske kongelege jaktselskap. Dei som sto for fangst og dressur – falkonerane – utvikla seg etter kvart til ekspertar. Falkonerane var for det meste frå Mellom-Europa. Den vanskelege kunsten gjekk i arv frå far til son over fleire generasjonar, og falkoneriet var levebrød for mange menneske.

Fangstsesongen varte om lag ein månad, frå slutten av juli til slutten av august. Hittil er det funne og registrert tufter etter fire falkefangstanlegg i Skjåk. Eit av dei ligg her ved Rundhaug.

Falkefangstanlegga kravde store område, og i høgfjellterreng er spora etter fangsthyttene framleis synlege. Fangsthyttene vart bygd opp som ringar med ein diameter 3-4 meter. Dei er oppmura av steinheller til ei høgd på 15-25 cm. I nokre anlegg vart ringen oppbygd av berre torv. Spesielt kamuflerte telt kan også ha vore brukt, særleg ved fangstplassar som ligg så høgt at det ikkje var torv å finne. Fangsthyttene kan ha vore brukt kvart år, eller det kan ha vore fleire år mellom kvar gong dei var i bruk. Dette avheng av kor ofte falkar hekkar på staden. Det har vore ein klår samanheng mellom val av stad og kjende hekkeplassar for hauk og falk. Alt utstyr som fangstmennene brukte, til dømes levande lokkeduer, mat, klede, snorer, fangstnett, bur til transport av falkane og skytevåpen vart teke med frå heimlandet.

Når falken stuper ned mot duen, trekker falkefangaren duen raskt ned mot bakken der slagnettet ligg. Falken stupar ned mot duen, og begge fuglane bør treffe bakken samstundes. I same augeblink trekker fangstmannen i den snora som løyser ut fangstnettet, og nettet klappar samen over begge fuglane.

Jaktfalk 
Jaktfalken er opptil 60 cm lang med eit vengespenn på opptil 160 cm. Hannfuglen veier 1100 gram og hofuglen 1750 gram. Jaktfalken legg 2-5 egg.

Kjenneteikn
Jaktfalken er største falk i verda. Den har lang hale og brei vengerot. Jaktfalkar i Noreg har brun overside og brunspragla underside. Ungfuglar er ljosare og nesten kvite.
Jaktmetode og næringsval
Fjellrypa er hovudbytte i høgfjellet.  96 % av dietten er fjellrype. Jaktfalken tek også smågnagarar og hare. Jaktfalken tar bytte i lufta, men også på bakken eller på vatn. Den kan fly med bytte som veier opptil 1800 gram. Jaktfalken er sjeldan og krev store, opne jaktområder.

Falkonering 
Falkonering er kunsten å ha og å jakte med rovfuglar. Som statussymbol er jaktfalken høgast plassert blant rovfuglane, og ved mange hoff var jaktfalken truleg noko ein hadde berre til seremoniell bruk.

Falkejakta var eit ideal for kong Håkon Håkonsson og andre europeiske kongar på 1200-talet. I ein krigarelite og herskarideologi var jakt, og særleg jakt med rovfugl, ein populær fritidssyssel.
Fredrik II skriv på 1240-tallet at jaktfalken kan jakte med større mot, kraft og hastigheit enn andre rovfuglar. Jaktfalken vart ofte brukt til jakt på trane og hegre, men også and og hare. Hegrar og tranar er store fuglar som kunne skade eller drepe falkane. Sjølv jaktfalken var liten når den måtte felle ein fugl med eit vengespenn på over to meter og ei vekt på to-fire kilo. Å få falkane til å jakte på bytte som ikkje står på deira naturlege matsetel og som var større enn jegaren, var populært i eit krigararistokrati.

Omfang
I middelalderen eigde alle hoff og adel rovfuglar. Den engelske kongen hadde 27 falkegardar med 10-15 fuglar i kvar falkegard på eit tidspunkt på 1200-talet. Den franske kongen hadde 300 fuglar, og hertugen av Burgund hadde 88 menneske tilsett på sine falkegardar.

I toppåra på 1700-tallt kom omlag 300-500 jaktfalkar kvart år inn på marknaden og eit gåvenettverk via den danske kongen. Dette var jaktfalkar frå Island og Noreg.

Prisen 
I siste halvdel av 1100-talet var jaktfalken verdt litt meir enn mannebot (bot for drap) for ein bonde. Ein falk hadde same verdi som 324 gram sølv. Det kunne rekke til fem-seks kyr, ein hest eller to, eller ei komplett våpenutrustning for ein mann. Dette var standardprisen for ein redefanga og utrena fugl. Ein trena hofugl hadde mangedobbel verdi.

Kostnaden med falkonering var uvesentleg ettersom falkonering høyrte til eliten og deira ideologi. Ofte var falkane gåver mellom kongane, gåver som knytte band mellom hoffa. Men falkar kunne også kjøpast på den opne marknaden. På 1600-1700-talet tilsvarte prisen ti kyr.

Jaktfalkane var eit symbol på rikdom og makt. Men ein jaktfalk har sitt naturlege leveområde i nordlege og kalde strok. Mange fuglar døde derfor etter kort tid i varmare og fuktigare strok i Europa.

I dag aukar interessa for falkonering i Europa. Den største trugselen mot norske rovfuglar no, er økonomisk kriminalitet med eggsamling og fangst av fuglar til den illegale marknaden.

Falkeleverandørar
I Noreg vart falkar fanga alt på 900-talet. Rettane tilfangsten var regulert i mellomalderlovane. Dei norske kongane kontrollerte sjølv falkefangsten. Men når Håkon VI døde i 1380, vart Noreg og Danmark sameina under hans danske dronning. Utan konge og adel som dreiv med falkonering forsvann kunnskapen om fenomenet i Noreg. Den danske kongen leiger i stor grad ut rettane til fangst i Noreg.

Hanseatane og deretter hollendarane profesjonaliserte fangsten og treninga. Hollendarane monopoliserer nesten heile marknaden. To byar i Holland spesialiserer seg på trening, og fuglar herifrå, samt hollandske falkonerar er å finne ved nesten alle europeiske hoff på 1500-, 1600- og 1700-talet.

Bågåstøanlegg ved Sottjønn


På det austre eidet mellom Fremste Sottjønn og Inste Sottjønn ligg det eit fangstanlegg med 21 bogestille. På Haukberget nordaust for lokaliteten ved Sottjønn, ligg det eit fangstanlegg med fem dyregraver med ledegjerde. Ved Ytste Gjelåi på sørsida av Tundradalen ligg eit fangstanlegg med tre dyregraver med ledegjerde og fem bogestiller. I dette området er også registrer fleire mindre lokalitetar med dyregraver, tufter og hellarar og krypinn.

Bogostille
Eidet mellom Sottjønna
Funn av pilspissar tyder på at jakt med pil og boge, kan vere ei like gammal jaktform som bruk av dyregraver. Medan dyregravene vart plassert i dei områda som har fast bestand av rein om sommaren, vart bogestilla plassert i meir usikre område.

I dei fleste dyregravsystema finst det spor etter gøymeplassar som dels er grave ned i bakken og dels er mura over. Gøymeplassane er sirkelrunde, og med tverrmål på ein meter og ei djupn på 80-90 cm gav dei plass til ein person. Forma er laga slik at dei går i eitt med terrenget, og jegeren kunne skyte i alle retningar. Fangstfolka hadde ei kombinert oppgåve; både å passe dyregravene, som var det primære, men også å drive aktiv jakt frå gøymeplassen sin.

Bogostille. Foto:Per Dagsgard
I sjølvstendige fangstanlegg kan gøymestaden eller bogestille vere hesteskoforma og 2-3 m lang. Frå desse skulle det skytast med pil eller kastast med spyd. Hesteskoforma var truleg vald for at jegerane skulle få betre armsving bakover, og dei var alltid retta mot reinsvegane slik at ein ikkje trong noko dekning attover. Høgda kunne vere 70-80 cm. Muren var glissen, truleg for at jegeren skulle sjå dyra utan å stikke hovudet over kanten. Ved Sottjønn i Skjåk er det funnet lange rekkjer med bogestille bygd i system.

Dyregrav
Dyregravene som fangstinnretning viser kunnskapen som fangstfolka hadde om trekkvegane til reinen. Nokre trekkvegar bruker reinen ofte, andre sjeldnare. Stader med berre ein farbar gjennomgang for reinen, eller der fleire reinstrekk møtast, var gode plassar for dyregraver.

Bygging av dyregraver var ei omfattande oppgåve. Kvar dyregrav kunne vere 2 m djup, 2 m lang og 0,7 m brei innvendig, og blei laga med solide, mura vegger. Konstruksjonane skulle motstå telehiv og frostsprenging vinterstid, noko som stilte store krav til utføringa. Sidan dei hadde primitive reiskapar, gjekk det med 20-25 dagsverk for å lage kvar grav.

Fangstfolka brukte leiegjerde og skremmegjerde, snorer med skremsel, som kunne strekke seg fleire kilometer frå fangstanlegget, for å auke moglegheita for fangst. Dei ulike gjerdetypane var tilpassa terrenget, og korleis reinen utnytta dei ulike områda. Gjerda kan delast inn i tre hovudgrupper; ”bægje”, ”stengje- eller sperregjerde” og ”skræmegjerde”. Eit bægje vart brukt for å styre reinen i ei bestemt retning. Skræmegjerde vart brukt for å hindre reinen i å komme inn i fjellområde der dei ikkje hadde fangstanlegg. Skræmegjerda var laga av fingertjukke og opptil 2 meter høge trestavar som var spissa i rotenden. På toppen av stavane var det hengt opp flagrande ting, til dømes fletta kuler av bjørkenever, trespiler og grastorv. Det store talet på stavar som er funne, tyder på at dette har vore ein vanleg gjerdetype.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar