mandag 17. oktober 2011

Forfriskande i Lom og Skjåk

MOT og Mental Helse i Skjåk og Lom kommune hadde eit arrangement for ungdomsskule- og vidaregåandeskuleelevar, med nattcup i innebandy og volleyball og konsert i den nye kantina på Skjåk ungdomsskule.
Verdsdagen for psykisk helse 14. oktober var samstundes markert.

Matservering, konsert med Kompaktor og Tattoo`d Ladies og nattcup falt i smak hjå de 50 ungdomane som deltok. Det var stor stemning på konserten, der du ser Kompaktor på scena.
Ungdom kan gle seg til eit liknaden arrangement neste år.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar